Gråmåse
Gråmåse | |
![]() Gråmåse | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av Gråmåse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsar Laridae |
Slekt: | Larus |
Art: | Gråmåse L. argentatus |
Vitskapleg namn | |
Larus argentatus |
Gråmåse eller blåmåse (Larus argentatus) er ein fugl i måsefamilien.
Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]
Dei vaksne fuglane har gråblå overside, medan resten av kroppen er kvit. Ungfugl er meir brunfarga. Beina er kjøttfarga og med symjeføter. Dei har store spisse venger og flyt lett. Kjønna er like. Gråmåsen er i vaksen alder opptil 56 cm og veg om lag 1,1 kg.
Global utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Gråmåsen har ei sirkumpolar utbreiing og hekkar i eit belte mellom 30 og 70 grader nord. Arten vert delt inn i tre grupper med ei rekke underartar i kvar gruppe. Argentatus-gruppa med tre underartar finst i Europa nord for Frankrike og i Amerika. Cachinnans-gruppa med seks underartar finst i Europa sør for Frankrike og i Middelhavet. Armenicus-gruppa med ein underart hekker i austre Tyrkia og vestre Iran. Nominatunderarten hekkar i Skandinavia austover til Kvitsjøen.
Norsk utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Gråmåsen finst langs heile norskekysten. Bestanden var i 2006 på mellom 300 000 og 500 000.
Han hekkar fyrst og fremst langs kysten, men også ved Mjøsa og enkelte innlandsvatn i Finnmark. Arten er jaktbar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Norsk fugleatlas, 1994.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
