Silkehegre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Silkehegre

Status i verda: LC Livskraftig

Silkehegre Foto: Wikimedia-brukar GDW.45
Silkehegre
Foto: Wikimedia-brukar GDW.45
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Pelecaniformes
Familie: Ardeidae
Slekt: Egretta
Art: E. garzetta
Namn på andre språk
  • Engelsk: Little Egret
  • Vitskapleg namn
    Egretta garzetta

    Silkehegre (Egretta garzetta) er ein liten, kvit hegre. Fram til ca. 1950 var utbreiinga avgrensa til sørvestlege palearktis, afrotropisk region, indomalayisk region og den australske regionen. Men i løpet av dei siste tiåra har arten òg begynt å kolonisere «den nye verda».

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein kvit vadefugl med eit slankt, svart nebb, lange, svarte bein, og gule føter hos den vestlege underarten. Vaksne silkehegrar er 55-65 cm lange med vengespenn på 86-104 cm, og kroppsvekt på 280-710 gram. Fjørdrakta er vanlegvis heilt kvit, sjølv om det òg svært sjeldan finst fuglar av ein mørk morf med stort sett blågrå fjørdrakt. Hannfuglar er større enn hoer.[1] I hekkesesongen har vaksne fuglar to lange fjører på nakken som dannar ein kam.

    Som ein vasslevande fugl, beitar han på grunt vatn og på land og tar ei rekkje små byttedyr.

    Han er kolonihekkar, ofte saman med andre vassfuglartar, noko som byggjer eit plattformreir av pinnar i eit tre, ein busk eller ei sivseng. Ein kull er på mellom 1 og 7 av blågrøne egg, mest vanleg 2-5 egg. Begge foreldre rugar. Ungane blir flygedyktige rundt seks veker gamle.

    Hekkedistribusjonen er i våtmarker i varme tempererte til tropiske delar av Europa, Afrika, Asia og Australia. Fuglar i nordlege populasjonar, inkludert mange europeiske fuglar, trekker til Afrika og Sør-Asia til overvintrar der. Fuglane kan òg streife nordover på seinsommaren etter hekkesesongen, og tendensen til å spreia kan ha medverka i den siste utvidinga av utbreiingsområdet.

    På eit tidspunkt var dei vanlege i Vest-Europa, men vart lokalt utrydda i det nordvestlige Europa og knappe i sør grunna jaktpress. Rundt 1950 blei det innført loververk for vern i Sør-Europa, og populasjonane har auka igjen. Ved byrjinga av 2000-talet hekka han igjen i Frankrike, Nederland, Irland og Storbritannia. Dei har òg byrja å kolonisera «den nye verda», første observasjon vart gjort på Barbados i 1954 og første hekking der i 1994.[1] Arten er ein årleg streiffugl i Noreg.[2]

    Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Martínez-Vilalta, A., Motis, A., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2016) Little Egret (Egretta garzetta) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 27. november 2016
    2. Søk på artsobservasjoner.no den 27. november 2016
    3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Egretta garzetta. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. november 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Silkehegre