Tauno Käyhkö
Tauno Käyhkö | |
Statsborgarskap | Finland, Canada |
Fødd | 6. mai 1950 (74 år) Rovaniemi |
Yrke | skihoppar |
Tauno Olavi Käyhkö (fødd 6. mai 1950) frå Rovaniemi er ein finsk-canadisk, tidlegare skihoppar. Han vart nummer tre i den tysk-austerrikske hoppveka 1971/72 og kom på fjerdeplass i storbakkerennet under verdsmeisterskapen på ski 1970 og vinterolympiaden 1972. Kombinertløparen Erkki Luiro og skihopparen Tauno Luiro var onklane hans.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kaykhö slo gjennom i 1970, då han kom på delt fjerdeplass i storbakken i Štrbské Pleso under Ski-VM 1970. Han vart samanlagt nummer fire i den tysk-austerrikske hoppveka 1970/71 og nummer tre i den same hoppveka eitt år seinare. Sitt beste renn i hoppveka gjorde han i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1972, der Yukio Kasaya vann ein klar siger.
I OL i Sapporo i 1972 vart Käykhö nummer fire i storbakken. Han fekk då 219,2 poeng og hamna 0,7 poeng bak vinnaren, Wojciech Fortuna frå Polen, samt 0,1 poeng bak bronsevinnaren Rainer Schmidt frå Aust-Tyskland. I normalbakken vart han nummer 18. To år seinare kom han på sjetteplass i normalbakken i Falun under Ski-VM 1974.
I 1975 utvandra Tauno Käyhkö til Canada og tevla sidan for det landet. Frå og med 1976 hoppa han igjen internasjonalt. I VM i Lahti i 1978 vart han nummer 5 i storbakken og nummer 16 i normalbakken. I OL i Lake Placid i 1980 vart han nummer 26 i storbakken og nummer 30 i normalbakken. Kaykhö vart nummer 54 i den fyrste sesongen verdscupen i skihopping vart arrangert, sesongen 1979/80. Han la deretter hoppskia på hylla.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tauno Käykhö» frå Wikipedia på tysk, den 1. desember 2012.