Teater Ibsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teater Ibsen

Modell av nybygget til Teater Ibsen
Skipa1975
LandNoreg

Teater Ibsen er eit teater i Skien i Telemark fylke. Det blei skipa i 1975 under namnet Telemark Teater, men endra namnet til Teater Ibsen i 1991.

Festiviteten, der Teater Ibsen heldt til frå 1986 til 2010.

Fram til slutten av 2010 var Festiviteten i Skien fast spelestad, men i 2011 flytta det til meir funksjonelle teaterlokale i dei gamle industrilokala til Union på Klosterøya i Skien.[1] I november 2020 fekk Teater Ibsen løyvd 3 millionar kroner frå Kulturdepartementet slik at ein kunne bygga ny prøvesal.[2]

Teateret er eit aksjeselskap med Vestfold fylkeskommune, Telemark fylkeskommune og Skien kommune som eigarar.

1. januar 2013 flytta Ibsen Awards inn i kontorlokala til teateret og blei ein del av Teater Ibsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Teater Ibsen». Arkivert frå originalen 27. november 2020. Henta 20. desember 2020. 
  2. Hegle, Vendy Berg (25. november 2020). «Teateret får tre millioner til etterlengtet sal» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 12. juni 2021. Henta 20. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]