Teatergata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teatergata med hotellet på C.J. Hambros plass i bakgrunnen
Maltheby på hjørnet av Teatergata (ned til venstre) og Akersgata (i forgrunnen).

Teatergata er ei gate i sentrum av Oslo som går i aust-vestretning mellom Akersgata og C.J. Hambros plass/Pilestredet. Gata har namn etter det fyrste offentlege teateret i byen, Strömbergs Teater, Christiania offentlige Theater, som i si tid låg nedst på den store tomta der leigegarden Maltheby vart bygd seinare. Det er ikkje att mange av dei gamle husa langsetter gata, som for det meste vart greven opp i samband med bygginga av Hammersborgtunnelen på Ring 1 i slutten av 1980-åra. På grunn av at gata går over tunnelen, ender gata i trapper ned mot C.J. Hambros plass.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]