Teenage Frankenstein
Utsjånad
| Teenage Frankenstein Singel av Alice Cooper frå albumet Constrictor | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 1987 | |
| Innspelt | 1986 | |
| Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
| Lengd | 3:40 | |
| Selskap | MCA Records | |
| Komponist | Alice Cooper, Kane Roberts | |
| Tekstforfattar | Alice Cooper, Kane Roberts | |
| Låtskrivar(ar) | Alice Cooper, Kane Roberts | |
|---|---|---|
| Produsent | Alice Cooper | |
| Alice Cooper-kronologi | ||
| «He's Back (The Man Behind the Mask)» (1986) |
Teenage Frankenstein | "Freedom" (1987)
|
«Teenage Frankenstein» er den andre singelen til Alice Cooper frå albumet Constrictor frå 1986. Sjølv om singelen ikkje gjekk inn på listene var det med å gjere Constrictor til det best plasserte albumet til Cooper sidan Flush the Fashion i 1980.
I lag med to andre Alice Cooper-songar, «He's Back (The Man Behind the Mask)» og «Hard Rock Summer» (som ikkje var med på Constrictor), vart «Teenage Frankenstein» nytta i grøssaren Friday the 13th Part VI: Jason Lives.
Singelen hadde ein konsertversjon av «School's Out» som B-sida.
Songen var skriven av Alice Cooper og Kane Roberts. Det vart laga ein musikkvideo til songen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Teenage Frankenstein» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2011.