Teigenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teigenes
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 11[2][3]

Teigenes, tidlegare skrive Teigeneset, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 11.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Teigenes ligg på eit nes på nordsida av Teigevatn, og grensar i vest til Rutle og i aust til Teige.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teigenes vart skild ut frå Teige i ca. 1650. Garden har heile tida vore einbølt.[3]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Teige kjem av nabogarden som Teigenes vart skilt ut frå. Teige fekk i sin tur namnet fordi fire teigar vart skilde ut frå Rutle og gjevne til Øn kyrkje i gammal tid.[4] I kjeldene er namnet skrive «Teigeness» (1667) og «Teigenes» (1723).[5]

Teigenes er ikkje brukt som gardsnamn andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Teigenes» i 2003.[6]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 28. november 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 28. november 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Inger Kellmer (1990). «Teigeneset : Gnr. 11». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 101. ISBN 8299219817. 
  4. Inger Kellmer (1990). «Teige : Gnr. 12». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 103. ISBN 8299219817. 
  5. «Oluf Rygh: «Teigenes» i Norske Gaardnavne». 
  6. «yr.no».  Vitja 28. november 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]