Teikoidsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strukturen til ei teikoidsyre frå Micrococcaceae

Teikoidsyrer er viktige komponentar i selleveggene og sellemembranane i dei fleste gram-positive bakteriane. I hovudsak er dei polymerar av glyserol-fosfat eller ribitol-fosfat med glykosyl- og D-alanyl-ester-restar feste til seg. Det finst to typar teikoidsyrer, veggteikoidsyre og lipoteikoidsyre, som skil seg ved kva molekyl dei er feste til.[1] Lipoteikoidsyre er fest til den cytoplasmatiske sellemembranen gjennom eit glykolipidanker[2], medan veggteikoidsyre er fest til peptidoglykan gjennom ei disakkarideining.[3]

Teikoidsyrer er vortne identifiserte som reseptorar for bakteriofagar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.