Teletskojesjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teletskoke
Altyn-Köl
innsjø
Teletskoe ozero yug.jpg
Sørsida
Land Flag of Russia.svg Russland
Tilsig Tsjulysjman (70 elvar og 150 midlertidige elver)
Utløp Bija
Høgd over havet 434 moh
Lengd 78 km
Breidd km
Areal 233 km²
Volum 40 km³
Koordinatar 51°31′45″N 87°42′53″EKoordinatar: 51°31′45″N 87°42′53″E
Wikimedia Commons: Teletskoye Lake

Teletskoje (russisk Теле́цкое о́зеро, altaisk Алтын Кӧл, Altyn-Köl) er den største innsjøen i Altajfjella og republikken Altaj i Russland. Han er ein av dei 25 djupaste innsjøane i verda med eit djup på 325 meter.[1]

Teletskjoje ligg 434 meter over havet, er 78 km lang og 5 km brei. Han har eit areal på 233 km², men sidan han er så pass djup som 325 meter inneheld han så mykje som 40 km³ vatn. Vatnet i innsjøen er klårt og har ei sikt på seks til fjorten meter. Sjøen ligg mellom fjellryggane Korbu og Al-tyntu der Sailughemfjella møter Vest-Sajan-fjella. Han er omgjeven av 600-1300 meter høge fjell i nord og om lag 1700-2400 meter høge fjell i sør.

Det renn om lag 70 elvar og 150 midlertidige elvar ut i innsjøen. Den største av desse er Tsjulysjman som står for meir enn halvparten av vssstilførselen til innsjøen. Innsjøen har eitt utløp gjennom elva Bija, som etter å ha slått seg saman med Katun dannar ei av dei største elvane i Sibir, elva Ob.

Teletskoje er ein del av Altajskij naturreservat. Reservatet er i lag med Katun naturreservat og Ukokplatået innskrive på verdsarvlista til UNESCO under namnet «Dei gylne fjella i Altaj».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Altai Reserve». altai-republic.ru. Henta 1. september 2008. 
  2. «Altai - Pearl of Siberia». Henta 1. september 2008.