Terje Mathiassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Mathiassen
Fødd12. april 1938
Død9. januar 1999
NasjonalitetNoreg
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Terje Mathiassen (fødd 12. april 1938 i Oslo, daud 9. januar 1999) var ein norsk baltolog og slavist. Han var professor ved universitetet i Oslo frå 1987.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Terje Mathiassen gjekk på Oslo katedralskole, og byrja studere germanske og nordiske språk ved universitetet i Oslo i 1957. Etter å ha gått forsvarets russiskkurs byrja han på russisk ved UiO og tok Cand.mag.-grada i 1965 under rettleiing av Christian Schweigaard Stang. Seinare studerte han samanliknande baltisk og slavisk språkvitskap under Carl H. Borgstrøm og Georg Morgenstierne, og tok doktorgrad i 1970 med ei avhandling «Studien zum slavischen und indoeuropäischen Langvokalismus». Han vart tilsett som universitetslektor i 1971, som dosent i slaviske og baltiske språk i 1984 og som professor i 1987. Han var ein populær forelesar, og underviste til å byrje med fyrst og fremst i russisk og gammalkyrjeslavisk. Seinare konsentrerte han seg meir om dei baltiske språka, og bidrog til å utvide studietilbodet i latvisk og litauisk ved UiO gjennom 1980- og 1990-åra.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Mathiassen gav ut ei stor Russisk grammatikk i 1990 (ny utgåve i 1996). Han skreiv òg A Short Grammar of Lithuanian (1996) og A Short Grammar of Latvian (1997).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]