Terje Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Pedersen

Pedersen som heidersgjest under Bislett Games 2015
Foto: C. Hill
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. februar 1943 (81 år)
Oslo
Yrke spydkastar
Høgd 193 centimeter
Terje Pedersen på Commons

Terje Pedersen (fødd 9. februar 1943) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar. Han forbetra i 1964 verdsrekorden i spydkast to gongar. Han representerte Sportsklubben Vidar i Oslo. Pedersen er praktiserande tannlege.

Terje Pedersen, Jorma Kinnunen, Gergely Kulcsar (Helsingfors 1965).

Allereie som 17-åring var han på nasjonalt toppnivå. Han vann då (i 1960) sitt første noregsmeisterskap med eit kast på 74,18 m, og sette personleg rekord med 76,76 m. Han deltok i Sommar-OL 1960 i Roma. I kvalifiseringa kasta han 74,67 m og var ein av tretten finaleklare. Grunna skade kasta han ikkje i finalen. Både i 1962, -63 og -64 vart han norsk meister med kast på høvesvis 74,09 m, 76,45 m og 78,95 m.

I OL-sesongen 1964 sette han 1. juli i Oslo ny verdsrekord i landskampen mellom Noreg og Be-Ne-Lux-landa med eit kast på 87,12 m. Han kasta langt i fleire tevlingar utover sommaren, men stoppa inn i mellom på lengder ned mot 75 m. 2. september 1964 vann han i Oslo spydkast-tevlinga i landskampen mellom Noreg og Tsjekkoslovakia. Her smelte han i 2. omgangen til med eit kast på 91,72 m, ei forbetring av hans eigen verdsrekord med over fire og ein halv meter. Han kom såleis til Sommar-OL som ein av dei største gullfavorittane. Med eit lengstekast på 72,10 m i kvalifiseringa kom han ikkje inn mellom dei tolv som fekk kaste i finalen. Som i OL 1960 hamna han på trettande-plassen. I 1964 vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje, men skadar og overtrening førte til at han la opp i 1965.

Terje Pedersen var trenar for spydkastaren Pål Arne Fagernes frå 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]