Pål Arne Fagernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pål Arne Fagernes
1994-06 Pål Arne Fagernes.JPG
Fødd 8. juni 1974
Asker
Død

4. august 2003
Moss

Yrke boksar, spydkaster
Pål Arne Fagernes på Commons

Pål Arne Fagernes (fødd 8. juni 1974 i Asker, død 4. august 2003) var ein norsk friidrettsutøvar og boksar. Hans fremste prestasjon var ein fjerdeplass i spydkast-tevlinga under VM i friidrett i 1999. Han vart noregsmeister i spydkast fire gonger mellom 1996 og 2002. I yngre år var han medlem av Asker SK, frå 1995 av IK Tjalve i Oslo. Fagernes omkom i ei bilulykke på E6 nord for Moss i Østfold, då bilen hans kolliderte med ein lastebil.

Aktiv idrettsutøvar[endre | endre wikiteksten]

Åra fram til 2000[endre | endre wikiteksten]

Fagernes var ein allsidig idrettsutøvar på juniornivå, med gode prestasjonar innanfor så ulike idrettsgreiner som friidrett, sykling og langrenn.

Størst talent viste han i spydkast. 20 år gammal vann han sølvmedaljen i spydkast under NM i friidrett. Noregsmeister i spydkast vart han fire gongar i perioden 1996-2002. Hans største prestasjonar i norske meisterskap kom i 1998 då han kasta spydet 84,46 m og vann med over elleve meters margin, og i 2002 då han i ei tett tevling med eit kast på 81,25 m viste den seinare olympiameisteren Andreas Thorkildsen til sølvplass.

29. mars 1996 sette han norgesrekord første gongen, og sletta Reidar Lorentzen sin åtte år gamle rekord på 80,06 m. Rekordkastet var på 80,46 m og kom under eit stemne i USA, der Fagernes studerte. Fire veker seinare forbetra han rekorden med ein halv meter, også i USA. Den store rekordforbetringa kom 5. juli 1996 då han vann Bislett Games i Oslo med eit lengstekast på 85,06 m.

Han deltok i både OL, VM og EM i åra 1996-98 utan å kome til finale. Ved verdsmeisterskapen 1999 i Sevilla kom han på fjerdeplass med eit lengstekast på 86,24 m, ny norsk rekord. Under dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney forbetra han norgesrekorden til 86,74 meter i kvalifiseringa. I finalen stoppa han på 83,04 m og vart nummer ni.

Noregsrekorden hans stod til juni 2005, då den vart forbetra til 86,82 m av regjerande olympiameister Andreas Thorkildsen.

Åra 2000-03[endre | endre wikiteksten]

Dei seinare åra av hans liv var prega av rusbruk og enkelte tilfelle av kriminell framferd. I 2000 vart han dømd til 18 dagars fengsel for å ha late ein rusa person køyre bilen sin. I 2001, kort etter at han av disiplinære grunnar ikkje fekk plass i VM-troppen, vart han teken for bruk av kokain. Han vart dømd for kokainbruk, men frikjend for dopingskuldingar. I april 2003 vart han sikta for å ha ramponert ein parkert bil i Oslo.

I 2003 debuterte han som proffboksar mot slovakiske Peter Simko. Denne kampen vann han på teknisk knockout etter 25 sekund.

Han vann også 72 nasjonale langrennstevlingar, inkludert seks krinsmeisterskap, og bortimot 30 sykkel/offroad-ritt – derimellom eitt Noregscupritt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Gull: 1996, 1998, 1999, 2002
  • Sølv: 1994, 1995

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002
Lengde 72,34 77,46 85,06 82,80 84,46 86,24 86,74 84,30 81,25

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmåls- og engelsk wikipedia
  • friidrett.no