Terje Thorslund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Thorslund
Fødd 15. mars 1945
Stockholm
Yrke spydkaster

Terje Thorslund (fødd 15. mars 1945) er ein tidlegare norsk friidrettsutøvar. Han vann bronsemedaljen i spydkast ved europameisterskapen 1974 i Roma. I perioden 1966 til -79 vart han fire gongar norsk meister i spydkast.

Sesongane 1964-73[endre | endre wikiteksten]

Allereie som junior presterte Thorslund kast på høgt seniornivå. I 1964 oppnådde han 73,48 m som best. I 1966 forbetra han sin personlege rekord til 79,34 m, og vart same året norsk meister. Han deltok i europameisterskapen 1966 i Budapest, men klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen. I alle sesongane frå 1967 til -73 sleit han med prestasjonar godt under nasjonalt toppnivå.

Sesongane 1974-81[endre | endre wikiteksten]

I 1974 kom han tilbake og kasta så langt at han vart utteken til europameisterskapen i Roma. I kvalifisiseringa fekk han opp eit kast på 80,10 m. Thorslund var ikkje mellom medaljefavorittane, men i finalen slo han til med eit kast på heile 83,68 m. Dette kastet heldt med minst mogleg margin til ein høgst overraskande bronseplass. Ved dei olympiske sommarleikane 1976 kasta han spydet 82,52 m i kvalifiseringa, men stoppa på 78,24 m og ein 11. plass i finalen. Europameisterskapen 1978 i Praha gav Thorslund ein 9. plass, etter eit bestekast på 80,42 m. Med eit kast på 85,74 m under noregsmeisterkapen i Larvik i 1979 sette Thorslund sin siste personlege rekord.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: Gull, 75,28 m
  • 1974: Sølv, 75,70 m
  • 1975: Sølv, 77,02 m
  • 1976: Gull, 81,74 m
  • 1977: Gull, 80,62 m
  • 1978: Sølv, 79,14 m
  • 1979: Gull, 85,74 m
  • 1980: Sølv, 82,54 m
  • 1981: Bronse, 77,08 m

Han vann i 1977 kongepokalen for vinnarkastet sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgongar. Oslo
  • Friidrott, aktuelle årgongar. Hälsingborg.