Terrengsykling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terrengsykling
Terrengsykling-løp

Terrengsykling er ein sport der ein syklar i ulendt terreng, anten med spesielt utrusta terrengsyklar, hybridsyklar, BMX-syklar eller andre eigna syklar.

Terrengsyklar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste terrengsyklar har eigenskapar som gjer dei robuste og funksjonelle på ujamnt underlag: breie knastedekk, kraftige rammerøyr, kraftige skivebremsar, funksjonelle klikkpedalar, dempegaffel og til og med bakdemping. Robustheiten gjer at syklar spesielt utvikla for terrengføremål ofte kan vera noko tyngre enn syklar for bruk på landevegen, men mange av dagens terrengsyklar er likevel bygd med delar som gjer dei svært lette.

Typar av terrengsykling[endre | endre wikiteksten]

Terrengsykling kan grovt sett delast opp i følgjande kategoriar, som kvar inneber ulik type terrengsykling og krev ulikt utstyr, mellom dei sykkel, klede og tryggleiksutstyr:

Vanskegraden på løypa og treningsfokuset på syklinga er gjerne med på å definera kva slags type terrengsykling ein driv, til dømes vil ei mindre treningsfokusert form for øving kunne omtalast som «terrengsykling» heller enn «rundbanesykling», sykling på sti og tøft teknisk terreng opp og ned med større fokus på mestring av dei tekniske utfordringane enn på raskast mogleg tilkome vil gjerne kallast «stisykling», og sykling i terreng med sterk negativ helling med spesialsykler vil kallast «utfor» eller «frikjøring», avhengig av konkurranseaspektet.

Terreng[endre | endre wikiteksten]

Ein kan driva terrengsykling på alle stadar som har ei form for terreng, til dømes ein grasplen eller i parkar, men primært meiner ein med terrengsykling den forma for ?sykling som blir gjort i naturen, til dømes på grusvegar og stiar, og typisk i skog, utmark og fjell. Ein kan seia at det er aspekt ved terrengsykling som har meir til felles med springing i skogen og orientering enn andre former for sykling, som by- eller landevegssykling.

Typiske trekk[endre | endre wikiteksten]

Terrengsykling er primært ein individuell idrett som krev uthoad, teknikk og evne til å klara seg sjølv. Samstundes arrangerer klubbar og andre grupperingar samlingar og felles sykkelturar, både som trening og rekreasjon. Sidan terrengsyklistar gjerne syklar langt bort frå sivilisasjonen må dei i stor grad vera i stand til å klara seg sjølv. Skulle noko gå sund, til dømes kjedebrekk eller punktering, må syklisten kunna reparera dette på eiga hand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Terrengsykling