Eidfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tettstaden Eidfjord)
Eidfjord
tettstad
Eidfjord

Foto: G. Lanting

Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Eidfjord kommune
Areal 0,78 km²
Folketal 575  (2023)
Folketettleik 737 / km²
Postnummer 5783 EIDFJORD
Innbyggjarnamn eidfjøre
Kart
Eidfjord
60°28′3″ N 7°4′18″ E
Wikimedia Commons: Eidfjord (village)

Eidfjord er kommunesenteret i Eidfjord kommune. Folketalet i tettstaden Eidfjord var på 918 innbyggjarar i tredje kvartal 2008.[1] Eidfjord ligg ved botnen av Eidfjorden, 70 km frå Odda og 50 km frå Voss. Elva Eio renn ut i fjorden ved Eidfjord. Riksveg 7 går gjennom staden. Om somrane går det også hurtigbåt mellom Eidfjord, Ulvik, Utne, Kinsarvik, Lofthus og Norheimsund.[2]

I Eidfjord ligg både Eidfjord kyrkje og Eidfjord gamle kyrkje. Ikkje langt frå sentrum, på Hereid-platået, ligg over 300 gravrøyser frå Vikingtida.[3] Eidfjord satsar tungt på turisme, og får fleire cruiseskip på vitjing i turistsesongen. Det er difor laga til djupvasskai i tettstaden.[4] I Eidfjord finn ein elles fleire hotell, pensjonat, campingplassar og souvenirbutikkar mynta på turistane som kjem hit. Her er også butikk, bensinstasjon, kiosk, bilreparatørar, trelastvarehandel, treskjerarforretning og ljosstøyperiet.

Tettstaden Eidfjord har berre éin skule, Lægreid skule, som ligg sentralt i kommunen. Dette er ein barne- og ungdomsskule som samlar elevar frå heile kommunen.[5] Når elevane er ferdige med 10. klasse, er dei næraste vidaregåande skulane i Kvam, på Voss eller i Odda. Det ligg også ein aldersheim i Eidfjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]