Trøym
Utsjånad
(Omdirigert frå Tettstaden Hemsedal)
Trøym | |||
Hemsedal | |||
tettstad | |||
Hemsedal kyrkje på Trøym
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Hemsedal | ||
Areal | 1,01 km² | ||
Folketal | 969 (2023) | ||
Folketettleik | 959 / km² | ||
Postnummer | 3560 HEMSEDAL | ||
Innbyggjarnamn | hemsedøl | ||
Preposisjon | på Trøym | ||
Trøym 60°51′47″N 8°33′12″E / 60.86293°N 8.55337°E | |||
Wikimedia Commons: Hemsedal (village) |
Trøym, også kjend som Hemsedal, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hemsedal kommune i Buskerud. Tettstaden ligg ved elva Hemsil som renn gjennom Hemsedalen, ein sidedal til Hallingdalen, og har 969 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden har namn etter garden Trøym.
Trøym har daglegvarebutikkar, apotek, fleire hotell, idrettsanlegg og barne- og ungdomsskule. Tettstaden har stor turisttrafikk.[1] Hemsedal kyrkje frå 1882 står på austsida av tettstaden og er tilgjengeleg frå riksveg 52.
Samferdsel
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 52 passerer Trøym på nordsida av elva. Vegen går mellom krysset til riksveg 7 ved Gol og krysset til europaveg 16 nær Borlaug i Sogn og Fjordane.
Bilete frå Trøym
[endre | endre wikiteksten]-
Hemsedal kommunehus
-
Trøimshallen
-
Hemsedal turistkontor
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Hemsedal – tettsted». Store norske leksikon. 26. februar 2017. Henta 24. april 2018.