Tevatron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fermilab med Tevatron i bakgrunnen og hovudringane.

Tevatron var ein protonakselerator ved Fermilab i Chicago i USA. Tevatron var fram til Large Hadron Collider (LHC) opna på CERN, den største protonakseleratoren i verda. Han var ein synkrotron som bestod av ein 6,86 km lang ring, der proton og antiproton vart akselerert opp til energiar på opp til 1 TeV (1000 GeV). Han vart òg nytta som proton–antiproton kollisjonsmaskin med opptil 2 TeV kollisjonsenergi. Til samanlikning kan LHC kunne gje energiar opp til 7 TeV.

Tevatron stod ferdig i 1983 og kosta då 120 millionar USD. Forskingsprogrammet ved Tevatron vart avslutta i september 2011 på grunn av budsjettkutt og fordi LHC hadde teke over som den kraftigaste akseleratoren i verda.

Den viktigaste oppdaginga som vart gjort med Tevatron var toppkvarken som vart oppdaga i 1995. Han var det siste fundamentale fermionet som inngår i standardmodellen i partikkelfysikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]