Tevsoppar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tevsoppar


Vanleg stanksopp, Phallus impudicus
Vanleg stanksopp, Phallus impudicus

Systematikk
Rike: Sopp
Rekkje: Basidiomycota
Klasse: Agaricomycetes
Delgrupper
Vitskapleg namn
Phallaceae

Tevsoppar eller åtselsoppar, også kalla stanksoppar, er ein familie soppar som produserer ei illeluktande, stangforma vekst. Dei høyrer til ordenen Phallales. Formeiringsmetoden deira er forskjellig frå dei fleste soppar, som nyttar lufta til å spreie sporane. Dei produserer i staden sporar på toppen som har ei lukt som kan minne om åtsel eller avfall. Dette trekkjer til seg fluger som dermed tar sporene med seg.

Soppane byrja å gro som nokre små runde knollar eller «egg». Desse har inga lukt, og kan i enkelte tilfelle etast. Dei har stundom vorte forveksla med fugleegg. Ut av desse veks seinare seinare den høge soppen, som kan ha ein viss likskap med ein penis. Han har ofte ei kvalmande lukt.

I Noreg veks fleire artar tevsopp, som arten vanleg stanksopp, Phallus impudicus. Det finst òg artar med mindre lukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tevsoppar