Thalassarche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thalassarche


Svartflekkalbatross, Thalassarche cauta Foto: JJ Harrison
Svartflekkalbatross, Thalassarche cauta
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Artar
  • Sjå teksten
Vitskapleg namn
Thalassarche
L. Reichenbach, 1853

Thalassarche er ei biologisk slekt av albatrossar. Desse store stormfuglane er avgrensa til den sørlege halvkula, der dei òg er dei vanlegaste av alle albatrossar. Det er den største slekta i familien med i alt sju artar som er godkjente etter versjon 6.6 av Clementslista.

Thalassarche har den største variasjonen i storleik blant alle albatrosslekter, vengespennet varierer mellom 180 og 256 centimeter.[1] Fjørdrakta har vore skildra som ei måseliknande drakt, med mørk eller svart rygg, skulder og hale og lysare hovud, underside av venger og buk. Fleire artar har gjerne hovud med litt mørkegrått, eller har eit mørkt parti rundt auga. Dei har alle ei fargerik, rosa kjøttstripe frå munnvika til øyret som dei viser fram under oppvisingar. Dei har artspesifikke nebbstruktur og farge som gjer artane her enklare å identifisere enn andre albatrossar.[1] Nebba er anten farga sterkt oransje eller gule, eller dei er mørke med fleire gule linjer.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Thalassarche i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Robertson, C. J. R. (2003). «Albatrosses (Diomedeidae)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J. et al.. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 113–116. ISBN 0 7876 5784 0. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Robertson, C. J. R. (2003)
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)