Chathamalbatross
| Chathamalbatross | |
Thalassarche eremita, bilete frå Kaikoura, New Zealand Foto: Craig Nash | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av chathamalbatross | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
| Familie: | Albatrossfamilien Diomedeidae |
| Slekt: | Thalassarche |
| Art: | Chathamalbatross T. eremita |
| Vitskapleg namn | |
| Thalassarche eremita | |
Chathamalbatross (Thalassarche eremita), engelsk namn Chatham Albatross, Chatham Mollymawk, eller Chatham Islands Mollymawk, er ein stor sjøfugl og mellomstor albatross. Alle para hekkar på Pyramiden, Chathamøyane aust for New Zealand. Han har ikkje fått tilordna normert namn på norsk.
Dette taksonet var tidlegare rekna å vere ein underart av svartflekkalbatross, Thalassarche cauta,[1] men er i dag kjent som ein sjøvstendig art.
Vaksne fuglar skil seg frå svartflekkalbatrossar med langt mørkare gråfarge i andletet, øvre hals og øvre rygg, gult nebb og gul stripe over kinnet.
Chathamalbatrossar migrerer til området mellom Australia og Perustraumen ved Sør-Amerika, så langt nord som til 6° S. Populasjonen er estimert til 11 000 hekkande fuglar
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Tre bilete frå Eaglehawk Neck på Tasmania.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Chatham Albatross» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2012
- BirdLife International (2018). «Thalassarche eremita». IUCN Red List of Threatened Species 2018. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22698393A132644476.en. Henta 2. desember 2025.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Updates & Corrections – December 2009». Cornell Lab of Ornithology Clements Checklist. Henta 2. desember 2025.