Thanjavur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thanjāvūr
none  Brihadisvara-tempelet i Thanjavu
Distrikt Thanjavur
Areal 36 km²
Folketal 222 619

folketal år = 2 011

Grunnlagd Seinast 850
Wikimedia Commons: Thanjavur

Thanjāvūr (tamil தஞ்சாவூர், tañcāvūr), også kjend under det tidlegare engelske namnet Tanjore, er ein by i Thanjavur-distriktet i den indiske delstaten Tamil Nadu. I 2011 hadde byen 222 619 innbyggjarar, mens det større byområdet hadde 290 732 innbyggjarar. Byen er eit viktig valfarts- og turistmål, med fleire hindutempel som særleg stammar frå då han var hovudstad i Tsjolariket. Brihadisvara-tempelet frå 1000-talet står på UNESCO si liste over verdsarv. Byen er også eit viktig jordbrukssenter i Kaverideltaet, kjend som «Indias risbolle». Byen er også kjend for Thanjavur-måleri, ein klassisk sørinidisk måleritradisjon med måling og relieff.

Gate i Thanjavur.

Thanjavur blei først ein viktig by i mellomtsjolatida, då han var hovudstad for Tsjolariket. Etter at Tsjoladynastiet fall var byen underlagd fleire ulike rike, som Pandya, Vidjayanagara, Madurai-nayak, Thanjavur-nayak, Thanjavur-maratha - dei to sistnemnde med Thanjavur som hovudstad - og Britisk India. Sidan 1947 har byen vore del av India.

Byen har gode veg- og jernbanesamband med andre delar av India og Tamil Nadu. Den næraste flyplassen er Tiruchirappalli internasjonale flyplass, 56 km unna, og den næraste hamna er Nagapattinam som ligg 84 km unna Thanjavur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.