That Night av Carousel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«That Night»
Song av Carousel
Land Latvia
Språk Engelsk
Utgjeve 22. mars 2019
Sjanger Indiefolk, jazz
Lengd 03:01
Selskap Universal Music
Låtskrivar(ar) Aleksandrs Volks, Mārcis Vasiļevskis og Sabīne Žuga

«That Night» ('den kvelden' eller 'den natta') er ein engelskspråkleg song frå 2019 med den latviske gruppa Carousel. Songen er skriven av Aleksandrs Volks, Mārcis Vasiļevskis og Sabīne Žuga og vart utgjeven kommersielt 22. mars 2019. Songen vart likevel kjend i Latvia allereie 16. februar 2019, då han vann songtevlinga Supernova. «That Night» var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 vart Latvia trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Latvia hadde startnummer 5.[2] Songen enda på 15. plass i semifinalen og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[3]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Høgaste

plassering

Litauen (AGATA)[4] 62

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carousel». Henta 5. mai 2019. 
  2. «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 5. mai 2019. 
  3. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  4. «Savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). AGATA. 24. mai 2019. Henta 3. desember 2019.