The Blackberries

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Blackberries
Aktiv1970-åra
Tilknytte artistarHumble Pie
Pink Floyd
PlateselskapMowest
A&M Records
Tidlegare medlemmerClydie King
Venetta Fields
Sherlie Matthews
Billie Barnum
Carlena Williams
Verka somSongarar

The Blackberries var ein kvinneleg vokaltrio av erfarne korvokalistar. Dei song korvokal for ei rekkje artistar, som Pacific Gas & Electric, Humble Pie, Ringo Starr og Pink Floyd. The Blackberries spelt òg inn musikk for Motown-etiketten på vestkysten, Mowest og A&M Records.[1]

Gruppa bestod av Venetta Fields, Sherlie Matthews og Clydie King, som var mykje ettertrakta som korvokalistar.[2] Fields hadde tidlegare vore ein Ikette i The Ike & Tina Turner Revue. King var tidlegare ein Raelette, som kora for Ray Charles. Matthews var ein visesongar på Mirwood Records og Motown Records. Dei slo seg saman og skapte The Blackberries.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1970: Pacific Gas & Electric med The Blackberries – «Are You Ready?» (Columbia 4-45158)
  • 1973: «Twist And Shout» / «Don't Change On Me» (A&M 1442)
  • 1974: «Yesterday's Music» / «Life Is Full Of Joy» (A&M 1630-S)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: Super Soul (Disc-o-Tek) (A&M Records)
  • 2010: A Cellarful Of Motown! Volume 4 (Motown Records / Universal Records)
  • 2013:The Complete Motown Singles | Vol. 12A: 1972 (Hip-O Select)

Som korvokalistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Clydie King, Top-Tier Backup Singer, Is Dead at 75». The New York Times. 14. januar 2019. 
  2. «Venetta Fields». Buffalo Music Hall of Fame. Henta 16. januar 2020.