Clear Spot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clear Spot
Studioalbum av Captain Beefheart og The Magic Band
Utgjeve Oktober 1972
Innspelt Hausten 1972
Studio Amigo Studios, Los Angeles
Sjanger Bluesrock
Lengd 37:11
Selskap Reprise
Produsent Ted Templeman
Don Van Vliet
Captain Beefheart og The Magic Band-kronologi
The Spotlight Kid
(1972)
Clear Spot Unconditionally Guaranteed
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideB+[2]

Clear Spot er det sjuande studioalbumet til Captain Beefheart og The Magic Band, gjeve ut i 1972 i eit klårt plastikkomslag.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Det tredje albumet til Beefheart, Trout Mask Replica, etablerte han som ein kritikarrost artist, men det selde dårleg. For dette albumet ønskte Beefheart meir kommersiell suksess - og tok derfor eit val om å arbeide med eit respektert produsentteam med produsenten Ted Templeman og lydteknikaren Donn Landee, som tidlegare hadde skapt hittar for artistar som The Doobie Brothers, Carly Simon og Van Morrison. Clear Spot samlar mykje av tekstane som Beefheart hadde skrive eller formulert i byrjinga av innspelinga av The Spotlight Kid.

Den tidlegare Mothers of Invention- og Little Feat-bassisten Roy Estrada kom inn i bandet på dette albumet og er oppført som «Oréjon» (store øyre) på plateomslaget, medan studiomusikaren Milt Holland bidrog med perkusjon.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Originalutgjevinga i USA kom eit spesiallaga gjennomsiktig plastikkomslag. Tittelen Clear Spot var prega på framsida. Det originale konseptet var at vinylplata òg skulle vere laga av klår vinyl, men det vart skrinlagd då det kosta for mykje.[3]

For seinare amerikanske utgåver og utgjevingar i andre land var det eit meir tradisjonelt svartkvitbilete som vart nytta som plateomslag.

CD-utgåva av albumet er i dag berre tilgjengeleg i ei samling i lag med føregangaren The Spotlight Kid. Begge desse platene er derimot tilgjengeleg på vinyl.

I 2015 gav Rhino Records ut ei ommastra utgåve av albumet i lag med The Spotlight Kid og Lick My Decals Off, Baby i ein plateboks kalla Sun Zoom Spark.

Clear Spot nådde 191. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I mars 2005 sette magasinet Q «Big Eyed Beans from Venus» på 53. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene.[4] «Her Eyes Are a Blue Million Miles» vart nytta i filmen The Big Lebowski i 1998 og vart sidan spelt inn av The Black Keys og bandet Shortstack. Tittelsporet er blitt spelt av Painted Willie og av Mark Lanegan. The Tubes spelte inn ei utgåve av «My Head Is My Only House Unless It Rains» på albumet deira Now i 1977. Everything but the Girl spelte òg inn denne songen.

Albumet vart stemt fram til 126. plassen i boka til Colin Larkin kalla All Time Top 1000 Albums (3. utgåve 2000).[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Don Van Vliet.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Low Yo Yo Stuff»3:41
2.«Nowadays a Woman's Gotta Hit a Man»3:46
3.«Too Much Time»2:50
4.«Circumstances»3:14
5.«My Head Is My Only House Unless It Rains»2:55
6.«Sun Zoom Spark»2:13
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Clear Spot»3:40
8.«Crazy Little Thing»2:38
9.«Long Neck Bottles»3:18
10.«Her Eyes Are a Blue Million Miles»2:57
11.«Big Eyed Beans from Venus»4:23
12.«Golden Birdies»1:36

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: C». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Harkelroad, Bill (1998). Lunar Notes. Wembley, Middx: SAF Publications. s. 100. ISBN 0-946719-21-7. 
  4. «Rocklist.net...Q Magazine Lists..». www.rocklistmusic.co.uk. Henta 24. august 2016. 
  5. Colin Larkin, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 82. ISBN 0-7535-0493-6.