Sherlie Matthews

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sherlie Matthews
Fødd1934
FødestadLos Angeles
OpphavUSA
Verka somsinger-songwriter, komponist, musikkprodusent

Sherlie Matthews (fødd i 1934 i Los Angeles i California) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og plateprodusent, mest kjend som korvokalist for mange artistar frå midten av 1960-åra og fram til i dag.

Ho har sunge med artistar som Steely Dan, B.B. King, Barbra Streisand, Quincy Jones, Rita Coolidge & Kris Kristofferson, Burt Bacharach, Linda Ronstadt, Cher, The Rolling Stones, Lionel Richie, Ike & Tina Turner, Bill Cosby, Paul McCartney & Wings, Ella Fitzgerald, Billy Eckstine (Senior Soul, 1972), Steppenwolf, Neil Diamond, Bob Seger, The Temptations, Humble Pie, The Beach Boys, Seals and Crofts, Richard Harris, Crosby, Stills & Nash, Dickey Betts, Bob Dylan, Chuck Girard, Elton John og Keith Moon.

Nokre av innspelingane ho deltok på var mellom andre «Stayin' Alive» med Bee Gees, «With a Little Help from My Friends» med Joe Cocker, «Signed, Sealed, Delivered I'm Yours» med Stevie Wonder, «Black Cow» med Steely Dan, «The Bitch Is Back» med Elton John, «Sweet Home Alabama» med Lynyrd Skynyrd, «Take Me in Your Arms (Rock Me a Little While)» og «I Been Workin' On You» med The Doobie Brothers og «You're No Good» med Linda Ronstadt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sherlie Matthews, Official site: Resume, pictures, songs, Circle of Love music, creation-Bible story, artwork, cartoons, poetry». Sherliematthews.com. Henta 15. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]