The Breakfast Club

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Breakfast Club
RegiJohn Hughes Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)John Hughes, Ned Tanen, Michelle Manning Sjå dette på Wikidata
ManusJohn Hughes Sjå dette på Wikidata
MedverkandeEmilio Estevez, Molly Ringwald, Ally Sheedy, Anthony Michael Hall, Judd Nelson, Paul Gleason, John Kapelos, John Hughes Sjå dette på Wikidata
KlippDede Allen Sjå dette på Wikidata
MusikkKeith Forsey Sjå dette på Wikidata
SjeffotografThomas Del Ruth Sjå dette på Wikidata
DistributørUniversal Pictures, Netflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato15. februar 1985
Lengd93 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening51 500 000 US-dollar Sjå dette på Wikidata

The Breakfast Club er ein amerikansk dramakomedie og ungdomsfilm frå 1985 regissert og skriven av John Hughes. Filmen handlar om fem elevar på ein amerikansk high school som må vera på skulen ein laurdag, som straff for diverse tildragingar. Dei er svært ulike, men i løpet av dagen oppdagar dei at dei har meir til felles enn dei ante på førehand. Dei leiande rollene blir spelte av Emilio Estevez, Anthony Michael Hall, Judd Nelson, Molly Ringwald og Ally Sheedy.

Filmen blei ein stor publikumssuksess i USA, men gjorde det mindre godt i utlandet.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Filmen handlar om fem amerikanske high school-elevar som må bera ein laurdag på skulen som straff for ulike feil. Dei fem består av idrettstjerna Andrew, pøbelen John, nerden Brian, den alternative og nevrotiske Allison og den vakre Claire (alle dei klassiske high school-personlegdomane). Alle har på kvar sin måte gjort seg fortent til å sitja igjen, til alt overmål på ein laurdag formiddag. Dei har ikkje noko til felles og likar heller ikkje kvarandre, men i løpet av dagen blir alle psykologiske og menneskelege barrierane brotne, og nyansane og alle dei individuelle trrekka deira kjem fram. Utover dagen oppstår det ein slag solidaritet mellom dei, og når dagen er over går alle derfrå med eit meir nyansert syn på livet.

Om filmen[endre | endre wikiteksten]

Popularitet og økonomi[endre | endre wikiteksten]

Breakfast Club tente inn 51,5 millionar dollar på verdsbasis, 45,9 millionar av dei i USA åleine.[1] Han var den 16. mest innbringende filmen på amerikansk kino i 1985.[2]

Produksjonskostnadene var på rundt éin million dollar.[3]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2016 vedtok amerikanske National Film Preservation Board at filmen var viktig nok til å lagrast i National Film Registry.[4]

Tittelmelodien til filmen, «Don't You (Forget About Me)» av Simple Minds, blei særs populær og nådde blant annan førsteplassen på Billboard-lista i 1985.[5]

I rollene[endre | endre wikiteksten]

  • Judd Nelson: John Bender, pøbelen
  • Molly Ringwald: Claire Standish, den pene
  • Emilio Estevez: Andrew Clark, idrettstjerna
  • Anthony Michael Hall: Brian Ralph Johnson, nerden
  • Ally Sheedy: Allison Reynolds, den alternative og nevrotiske
  • Paul Gleason: Assisterande rektor Vernon
  • John Kapelos: Carl Reed
  • Ron Dean: Far til Andrew

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Breakfast Club (1985) - Box Office Mojo» (på engelsk). Henta 28. mai 2017. 
  2. «Top 1985 Movies at the Domestic Box Office». Henta 5. januar 2020. 
  3. «The 80s: ‘The Breakfast Club’ - Soul Train». 6. oktober 2014. Henta 5. januar 2020. 
  4. «'Breakfast Club,' 'Rushmore' Among Films Added to National Film Registry». Rolling Stone. 2016. 
  5. «Simple Minds - Chart history | Billboard» (på engelsk). Henta 28. mai 2017.