Don't You (Forget About Me)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don't You (Forget About Me)
Singel av Simple Minds
frå albumet The Breakfast Club (Original Motion Picture Soundtrack)
B-side

A Brass Band in African Chimes

Språk engelsk
Utgjeve 20. februar 1985 (USA)
8. april 1985 (Storbritannia)
Innspelt November 1984[1]
Sjanger
Lengd 4:20
6:32 (extended version)
Selskap Virgin
A&M (USA)
Komponist Keith Forsey, Steve Schiff
Tekstforfattar Keith Forsey, Steve Schiff
Låtskrivar(ar)
Produsent Keith Forsey
Simple Minds-kronologi 
«Up on the Catwalk»
(1984)
Don't You (Forget About Me) «Alive and Kicking»
(1985)


«Don't You (Forget About Me)» er ein song av det skotske rockeband Simple Minds. Han vart skriven og komponert av produsenten Keith Forsey og Steve Schiff, ein gitarist og låtskrivar i bandet til Nina Hagen. Songen vart spelt under opninga (demoen til Forsey) og rulleteksten (innspelinga til Simple Minds) av John Hughes-filmen The Breakfast Club.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven og komponert av produsenten Keith Forsey og Steve Schiff medan dei laga filmmusikken til The Breakfast Club. Begge var fans av Simple Minds og skreiv songen med bandet i tankane. Forsey spelte ein demo for selskapet til bandet, A&M Records, som inviterte han til eit møte med bandet etter ein konsert i USA. A&M hadde derimot ikkje gjeve beskjed om at Forsey kom til å møte dei, og dei avslo tilbodet om å få songen.[2]

Forsey tilbaud så «Don't You (Forget About Me)» til Bryan Ferry, så til Billy Idol, som Forsey var produsent for på den tida, men begge avslo.[2] Idol spelte fleire år seinare inn songen. Plateselskapet føreslo at Corey Hart, som hadde ein hit på denne tida med «Sunglasses at Night» kunne spele songen, men Forsey syntest ikkje at Hart var rette songaren for songen.[3] Songaren i Fixx, Cy Curnin, avslo òg songen.

I følgje Simple Minds-frontmannen Jim Kerr, var bandet motvillig til å spele inn songen, sidan følte dei berre skulle spele inn songar dei sjølv hadde laga. «Me er Simple Minds - me gjer ikkje songar som ikkje høyrest ut som Simple Minds. Me er Simple Minds. Me gjer våre eigne songar,» sa han til BBC i 2018. Bandet var òg frustrert med at dei ikkje klarte å få suksess i USA, og såg ikkje korleis denne songen kom til å endre på det.[2]

Bandet gav til slutt etter for presset frå A&M og frå Chrissie Hynde, som var kona til Kerr på denne tida. Forsey ringte og til Kerr på ny og fortalte kor godt han likte bandet.[4] I følgje ei soge skal bandet ha omarrangert og spelt inn «Don't You (Forget About Me)» i løpet av tre timar i Nord-London og så gløymd han ut[5] i den tru at det var ein annanrangs song til ein forgløymeleg film.[2]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen held fram rockeretninga dei tok på Sparkle in the Rain, men reflekterte òg den melodiske synthpop-fortida deira. Med god hjelp frå suksessen til The Breakfast Club, gjekk singelen til topps på den amerikanske og den kanadiske singellista.[6] Det var òg den einaste songen deira som gjekk til topps på den amerikanske Top Rock Tracks-lista, der han låg i tre veker. Singelen nådde berre sjuandeplassen i Storbritannia, men låg inne på lista frå 1985 til 1987.

Songen kom ikkje ut på det påfølgjande albumet deira, Once Upon a Time, men kom med på samleplata Glittering Prize 81/92 i 1992. Songen vart derimot mykje spelt på konsertane til bandet.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7": Virgin / VS749 (Storbritannia), 7": A&M Records / AM-2703 (USA)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't You (Forget About Me)» – 4:20
  2. «A Brass Band in Africa» – 5:10

12": Virgin / VS749-12 (Storbritannia), 12": A&M Records / SP-12125 (USA)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't You (Forget About Me)» – 6:32
  2. «A Brass Band in African Chimes» – 9:22

12": Virgin / VSX 1250 (Canada)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't You (Forget About Me)» (extended version) – 6:32
  2. «Don't You (Forget About Me)» – 4:20
  3. «A Brass Band in Africa» – 5:10

1988 3" CD: Virgin / CDT2 (Storbritannia)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't You (Forget About Me)» – 4:20
  2. «A Brass Band in African Chimes» – 9:22

1988 CD: A&M Records / 75021 2375 2 (USA)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't You (Forget About Me)» (live) – 9:02
  2. «Bass Line» – 4:37
  3. «The American» – 3:33

1990 CD: Virgin / THEME10 (Storbritannia)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't You (Forget About Me)» – 6:35
  2. «Up on the Catwalk» (extended version) – 7:36
  3. «A Brass Band in African Chimes» – 9:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 6
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[9] 5
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10] 2
Belgium (VRT Top 30 Flandern)[11] 2
Canada Top Singles (RPM)[12] 1
Canada (CHUM)[13] 2
Frankrike (SNEP)[14] 24
Tyskland (Media Control AG)[15] 4
Irland (IRMA)[16] 3
Italia (Musica e dischi)[17] 3
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[18] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[19] 2
New Zealand (RIANZ)[20] 3
South Africa (Springbok Radio)[21] 10
Sverige (Sverigetopplistan)[22] 13
Sveits (Schweizer Hitparade)[23] 8
UK Singles (Official Charts Company)[24] 7
US Billboard Hot 100[6] 1
US Adult Contemporary (Billboard)[25] 36
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[26] 9
US Mainstream Rock (Billboard)[27] 1
US Cash Box Top 100[28] 1
Liste (1988) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[29] 100
Liste (2004) Plassering
Italia (FIMI)[30] 16
Liste (2012) Plassering
US Rock Digital Songs (Billboard)[31] 41

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Australia (Kent Music Report)[32] 47
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[33] 28
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[34] 1
Canada Top Singles (RPM)[35] 21
Tyskland (Official German Charts)[36] 23
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[37] 8
Nederland (Single Top 100)[38] 11
New Zealand (Recorded Music NZ)[39] 26
Sveits (Schweizer Hitparade)[40] 26
US Billboard Hot 100[41] 16
US Dance Club Songs (Billboard)[42] 33
US Mainstream Rock (Billboard)[43] 10
US Cash Box Top 100[44] 12

Gjennom alle tider[endre | endre wikiteksten]

Liste (1958-2018) Plassering
US Billboard Hot 100[45] 482

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[46] Gull 50,000^
Canada (Music Canada)[47] Platina 100,000^
Italia (FIMI)[48] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[49] Platina 600,000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't You (Forget About Me) No 1 on U.S. Billboard Charts». Simpleminds.com. 20. mai 1985. Henta 10. september 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Don't You (Forget About Me)». SimpleMinds.org. Henta 10. september 2020. 
  3. «Keith Forsey». Moderndrummer.com. Henta 10. september 2020. 
  4. Simpson, Dave (15. november 2016). «Simple Minds: how we made Don't You (Forget About Me)». Theguardian.com. Henta 15. november 2016. 
  5. «A History of Simple Minds». Glasgow-barrowland.com. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta 15. september 2011. 
  6. 6,0 6,1 "Minds?f=379&g=Singles Simple Minds Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Simple Minds. Prometheus Global Media. Henta 10. september 2020.
  7. Simpson, Dave (April 2015). «The Guardian». The Guardian (2). Henta 10. september 2020. 
  8. [1]
  9. "Simple Minds – Don't You (Forget About Me) – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 10. september 2020.
  10. "Ultratop.be – Simple Minds – Don't You (Forget About Me)" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. september 2020.
  11. «Radio 2 Top 30» (på nederlandsk). Top 30. Arkivert frå originalen 31. mars 2016. Henta 10. september 2020. 
  12. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 10. september 2020.
  13. «CHART NUMBER 1485 – Saturday, 08. juni 1985». Arkivert frå originalen 7. november 2006. Henta 8. januar 2017. . CHUM.
  14. "Lescharts.com – Simple Minds – Don't You (Forget About Me)" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 10. september 2020.
  15. "Simple Minds - Don't You (Forget About Me)". Charts.de. Media Control. Henta 10. september 2020.
  16. "The Irish Charts – Search Results – Don't You (Forget About Me)". Irish Singles Chart. Retrieved 10. september 2020.
  17. «Top 3 in Europe» (PDF). Eurotipsheet 2 (21): 7. 27. mai 1985. Henta 10. september 2020. 
  18. "Nederlandse Top 40 – week 22, 1985" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 10. september 2020.
  19. "Dutchcharts.nl – Simple Minds – Don't You (Forget About Me)" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 10. september 2020.
  20. "Charts.org.nz – Simple Minds – Don't You (Forget About Me)". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 10. september 2020.
  21. «South African Rock Lists Website SA Charts 1965 – 1989 Acts S». The South African Rock Encyclopedia. Henta 10. september 2020. 
  22. "Swedishcharts.com – Simple Minds – Don't You (Forget About Me)". Topp 60. Hung Medien. Henta 10. september 2020.
  23. "Simple Minds – Don't You (Forget About Me) – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 10. september 2020.
  24. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 10. september 2020.
  25. "Minds?f=341&g=Singles Simple Minds Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Simple Minds. Prometheus Global Media. Henta 15. januar 2019.
  26. "Minds?f=359&g=Singles Simple Minds Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for Simple Minds. Prometheus Global Media. Henta 10. september 2020.
  27. "Simple Minds Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 10. september 2020.
  28. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending MAY 18, 1985». Arkivert frå originalen 1. oktober 2012. Henta 8. januar 2017. . Cash Box magazine.
  29. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 10. september 2020.
  30. "Italiancharts.com – Simple Minds – Don't You (Forget About Me)". Top Digital Download. Hung Medien. Henta 10. september 2020.
  31. «Simple Minds - Chart History». Rock Digital Songs. for Simple Minds. Henta 10. september 2020. 
  32. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts - 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 28. august 2014. Henta 10. september 2020. 
  33. «Jahreshitparade Singles 1985». Ö3 Austria Top 40 (på tysk). Henta 10. september 2020. 
  34. «Ultratop Jaaroverzichten 1985». Ultratop 50 (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 10. juni 2014. Henta 10. september 2020. 
  35. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 10. september 2020.
  36. «Top 100 Single-Jahrescharts 1985». GfK Entertainment Charts (på tysk). Henta 10. september 2020. 
  37. «Top 100-Jaaroverzicht van 1985». Nederlandsk Topp 40 (på nederlandsk). Henta 10. september 2020. 
  38. «Dutch Charts Jaaroverzichten Single 1985». Single Top 100 (på nederlandsk). Henta 10. september 2020. 
  39. «The Official NZ Music Charts - End of Year Charts 1985». Recorded Music NZ. Henta 10. september 2020. 
  40. «SWISS YEAR-END CHARTS 1985». Den sveitsiske singellista. Henta 10. september 2020. 
  41. «Top Pop Singles» (PDF). Billboard (New York, NY, USA) 97 (52): T-21. 28. desember 1985. Henta 10. september 2020. 
  42. «Top Dance Sales Singles» (PDF). Billboard (New York, NY, USA) 97 (52): T-23. 28. desember 1985. Henta 10. september 2020. 
  43. «Top Rock Tracks» (PDF). Billboard (New York, NY, USA) 97 (52): T-30. 28. desember 1985. Henta 10. september 2020. 
  44. «The CASH BOX Year-End Charts: 1985». Arkivert frå originalen 30. september 2012. Henta 7. mai 2014. . Cash Box magazine.
  45. «Billboard Hot 100 60th Anniversary Interactive Chart». Billboard. Henta 10. desember 2018. 
  46. «Tears for fears scores». Billboard. 22. juni 1985. s. 64. Henta 24. august 2019. 
  47. «Springsteen Hits the Milion-Unit Mark». Billboard. 24. august 1985. s. 58. Henta 24. august 2019. 
  48. «Italian single salstrofé – Simple Minds – Don't You Forget About Me» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 29. juli 2019.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Simple Minds in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  49. «British single salstrofé – Simple Minds – Don't You (Forget About Me)». British Phonographic Industry. Henta 12. april 2019.  Enter Don't You (Forget About Me) in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]