The Corrs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Corrs
TheCorrs.jpg
OpphavDundalk i Flag of Ireland.svg Irland
Periode19902006, 2015-
Aktiv1990–
Sjangeralternativ rock, rock
Plateselskap143 Records, Lava Records, Atlantic Records, Warner Music Group
MedlemmerJim Corr
Sharon Corr
Caroline Corr
Andrea Corr
PrisarDen britiske imperieordenen

The Corrs er ei folkrockgruppe frå Dundalk i County Louth i Irland. Gruppa blei skipa i 1990, og består av tre systrer og ein bror frå familien Corr: Sharon Corr, Caroline Corr, Andrea Corr og Jim Corr.[1] The Corrs har gjeve ut seks studioalbum.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dei fire medlemman av The Corrs er barn av Jean og Gerry Corr.[2] Familien budde i Dundalk i Irland.[3] Jean og Gerry hadde si eiga musikkgruppe, Sound Affair, som spelte songar av ABBA og The Eagles i lokale pubar i Dundalk-området, og ofte tok med seg borna på konsert.[4][5]

Oppmuntra av foreldra byrja barna å spela ulike instrument.[6] Dei øva ofte i soverommet til Jim i eit hus han hadde leigd. Andrea song hovudvokal, Sharon spelte fiolin og både Caroline og Jim spelte keyboard.[7] I 1990 skipa syskena ei gruppe dei kalla The Corrs.[8]

I samband med ein audition for The Commitments, der Andrea Corr fekk ei rolle, blei gruppa oppdaga av John Hughes, som blei manageren deira.[9] The Corrs skreiv kontrakt med Atlantic Records i 1995 og drog til Nord-Amerika for å spela inn debutalbumet sitt Forgiven, Not Forgotten. Det keltisk-inspirerte albumet inneheldt sjølvskrivne songar som «Runaway» og «Closer», i tillegg til seks instrumentale spor med irsk tradisjonsmusikk. Adrea Corr song hovudvokal og spelte blikkfløyte. Albumet hadde suksess i fleire land, særleg Irland, Australia, Japan og Spania. Det selde til platina i Storbritannia og Australia, og firedobbel platina i Irland, noko som gjorde det til den mest populære debutet av ei irsk gruppe.[10][11][12][13]

Etter suksessen til debutalbumet gav The Corrs ut albuma Talk on Corners i 1997 og In Blue i 2000.[14] Talk on Corners fekk først ein lunken suksess, men etter utgjevinga av ein remiksversjon gjekk det til toppen av salslistene i fleire land, og selde til platina i Storbritannia og Australia.[15][16] In Blue nærma seg popmusikk, med stor vekt på elektronisk synthesiser. Det hadde suksess, og var på førsteplassen i den første veka i sal i Storbritannia, Irland, Australia, Tyskland, Sveits og Austerrike, og debuterte på andreplassen i Frankrike og Noreg. Det klatra til førsteplassen i den andre veka i sal i Sverige og Spania.[17]

Under produksjonen av In Blue døydde mora til Corr-syskena, Jean, medan ho venta på ein lungetransplantasjon ved Freeman Hospital i Newcastle i England.[18] Ho blei gravlagd ved St. Patrick's gravstad i Dundalk. Bono, Larry Mullen, Brian Kennedy og Paul Brady kom i gravferda.[19] «No More Cry», som Andrea og Caroline Corr skreiv for albumet, var dedisert til far deira i håp om å hjelpa han med sorga.[20]

I 2003 spelte Andrea Corr inn «Time Enough For Tears», ein song skriven av Bono og Gavin Friday til filmen In America.[21] Sporet blei teke med på The Corrs-albumet Borrowed Heaven frå 2004.[22] Borrowed Heaven var dedisert til den avdøde mora deira, Jean, og faren Gerry.[23] Gruppa dediserte også albumet Home frå 2005 til mor si.[24] På dette albumet spelte gruppa ei rekkje irske folkesonga henta frå mora si songbok for å markera dei 15 åra dei hadde vore eit band.[25][26][27]

Det sjette studioalbumet til The Corrs, White Light,[28] blei gjeve ut 27. november 2015, og følgd opp med ein verdsturné.

Alle medlemmene i gruppa er blitt utnemnd til Honorary Members av Order of the British Empire (MBE).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewicki, Aaron. «Absolute Divas – The Corrs biography». absolutedivas.com. Arkivert frå originalen 2010-11-19. Henta 6. juni 2018. 
  2. Borden, Timothy. «The Corrs biography – Contemporary Musicians». Enotes.com. Henta 1. november 2007. 
  3. «The Corrs Cosmopolis English Edition». desember 1999. Henta 1. november 2007. 
  4. «The Corrs». Hello! Magazine. Arkivert frå originalen den 17. oktober 2007. Henta 1. november 2007. 
  5. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 16. ISBN 1-85227-840-4. 
  6. «The Corrs lyrics and biography». Musicianguide.com. Arkivert frå originalen den 12. november 2007. Henta 1. november 2007. 
  7. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 21. ISBN 1-85227-840-4. 
  8. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 102. ISBN 1-85227-840-4. 
  9. «The Biography Channel – The Corrs biography». The Biography Channel. Arkivert frå originalen 29 May 2007. Henta 1. november 2007. 
  10. «Forgiven, Not Forgotten UK Certification». The BPI. 15. januar 1999. Arkivert frå originalen 30. september 2007. Henta 14. juli 2007. 
  11. Forgiven, Not Forgotten Australian Certification. ARIA. Henta 14. juli 2007.
  12. «The Corrs». VH1.com. Arkivert frå originalen den 13. november 2007. Henta 1. november 2007. 
  13. «The Corrs on MSN Music». 
  14. «The Corrs biography». Bandbiographies.com. Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. Henta 1. november 2007. 
  15. «Talk on Corners UK Certification]». Arkivert frå originalen 30. september 2007. . The BPI. 1. april 1999. Henta 14. juli 2007.
  16. Talk on Corners Australian Certification. ARIA. Henta 14. juli 2007.
  17. «The Corrs Eye U.S. Success». Billboard.com. 21. august 2000. Arkivert frå originalen den 4. november 2007. Henta 1. november 2007. 
  18. «Stars of music world gather to mourn with the Corrs family». Independent Newspaper. 28. november 2000. Arkivert frå originalen 29. juni 2012. Henta 1. november 2007. 
  19. Keogh, Elaine (29. november 1999). «Corrs share grief as mother is buried». Independent Newspaper. Arkivert frå originalen 4. august 2012. Henta 1. november 2007. 
  20. «Corrs' main frame». Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. Henta 1. november 2007. 
  21. «Bono & Gavin Frida: "Time Enough for Tears"». 4. november 2002. Arkivert frå originalen den 17. november 2007. Henta 2. november 2007. 
  22. Uthayashanker, Uma. «The Corrs: Borrowed Heaven». MusicOMH.com. Arkivert frå originalen 7. november 2007. Henta 2. november 2007. 
  23. «The Corrs & Heaven 'Borrowed Heaven' album». Music Remedy. Arkivert frå originalen 30. oktober 2007. Henta 2. november 2007. 
  24. Maher, Gareth. «The Corrs' album 'Home'». CLUAS.com. Henta 2 November 2007. 
  25. Murphy, Hubert (16. september 2005). «Corrs make a return to Fingal». Fingal Independent. Arkivert frå originalen 12. november 2007. Henta 2. november 2007. 
  26. «The Corrs 'Home' album». MusicRemedy.com. Arkivert frå originalen 22 October 2007. Henta 2. november 2007. 
  27. Weisinger, Mark (7. mars 2006). «The Corrs: Home». Popmatters.com. Henta 2. november 2007. 
  28. Wyatt, Daisy (17. september 2015). «The Corrs are coming back for a 2016 UK tour». The Independent. Henta 18. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: The Corrs