Andrea Corr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea Corr

Andrea Corr på Glastonbury i 1999.
Fødd17. mai 1974 (49 år)
FødestadDundalk
FødenamnAndrea Jane Corr
OpphavDundalk i County Louth i Irland
AktivSidan 1990
Sjangerpop, rock, keltisk musikk
InstrumentVokal, blikkfløyte, piano, ukulele
Tilknytte artistarThe Corrs
PlateselskapAtlantic, AC Records
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, skodespelar
PrisarHonorary Member of the Order of the British Empire

Andrea Jane Corr (fødd 17. mai 1974) er ein irsk musikar, låtskrivar og skodespelar. Corr debuterte i 1990 som frontkvinne i det keltiske folkrock- og poprockgruppa The Corrs i lag med dei tre eldre syskena Caroline, Sharon og Jim. Utanom å vere songar, spelar Corr blikkfløyte, ukulele og piano.[1]

Med dei andre har Corr gjeve ut seks studioalbum, men har òg gjeve ut soloalbum. Det første var Ten Feet High i 2007.[2][3] Albumet flytta seg bort frå stilen til The Coors mot dance-pop.[4] Det neste albumet hennar kom ut i 2011 og bestod berre av coverlåtar som var viktige for Corr då ho var yngre.

Andrea Corr har også involvert seg i veldedige aktivitetar. Saman med syskena blei ho gjeven ein æres-M.B.E. i 2005 av dronning Elizabeth II for bidraga sine til musikk og veldedig arbeid.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Andrea Corr er den yngste av dei fire barna til Jean og Gerry Corr, sistnemnde ein leiar ved Electricity Supply Board (E.S.B.) i Irland. Mora var heimeverande.[6] Familien budde i Dundalk i Irland.[7] Jean og Gerry hadde si eiga musikkgruppe, Sound Affair, som spelte songar av ABBA og The Eagles i lokale pubar i Dundalk, og ofte tok med seg borna på konsert.[8][9]

Oppmuntra av foreldra byrja Andrea å spela tinfløyte[10] og lærte piano av faren.[1] Gjennom tenåra øva ho og syskena ofte i soverommet til Jim i eit hus han hadde leid. Andrea song hovudvokal, Sharon spelte fiolin og både Caroline og Jim spelte keyboard.[11] I 1990 skipa syskena ei gruppe dei kalla The Corrs.[12]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Andrea Corr dreiv også med amatørskodespel på skulen sin, Dun Lughaidh Convent.[13] I 1991 fekk ho ei rolle i filmen The Commitments av Alan Parker, der ho spelte Sharon Rabbitte.[14]

Det var i samband med auditionen for The Commitments at The Corrs blei oppdaga av John Hughes, som blei manageren deira.[15] The Corrs skreiv kontrakt med Atlantic Records i 1995 og drog til Nord-Amerika for å spela inn debutalbumet sitt Forgiven, Not Forgotten. Det keltisk-inspirerte albumet inneheldt sjølvskrivne songar som «Runaway» og «Closer», i tillegg til seks instrumentale spor med irsk tradisjonsmusikk. Adrea Corr song hovudvokal og spelte blikkfløyte. Albumet hadde suksess i fleire land, særleg Irland, Australia, Japan og Spania. Det selde til platina i Storbritannia og Australia, og firedobbel platina i Irland, noko som gjorde det til den mest populære debutet av ei irsk gruppe.[16][17][18][19]

I 1996 tilbaud Alan Parker ei rolle til Corr i filmversjonen av rockeoperaen Evita som han regisserte, med Madonna i hovudrolla. Han gav Corr rolla som elskarinna til Juan Peron, og ho framførte ein del av songen «Hello & Goodbye».[20] Seinare framførte Corr songane til Kayley i den første fullanimerte filmen til Warner Brothers The Quest for Camelot (1998).[21]

Etter suksessen til debutalbumet gav The Corrs ut albuma Talk on Corners i 1997 og In Blue i 2000.[22] Talk on Corners fekk først ein lunken suksess, men etter utgjevinga av ein remiksversjon gjekk det til toppen av salslistene i fleire land, og selde til platina i Storbritannia og Australia.[23][24] In Blue nærma seg popmusikk, med stor vekt på elektronisk synthesiser. Det hadde suksess, og var på førsteplassen i den første veka i sal i Storbritannia, Irland, Australia, Tyskland, Sveits og Austerrike, og debuterte på andreplassen i Frankrike og Noreg. Det klatra til førsteplassen i den andre veka i sal i Sverige og Spania.[25]

Under produksjonen av In Blue døydde mora til Corr-syskena, Jean, medan ho venta på ein lungetransplantasjon ved Freeman Hospital i Newcastle i England.[26] Ho blei gravlagd ved St. Patrick's gravstad i Dundalk. Bono, Larry Mullen, Brian Kennedy og Paul Brady kom i gravferda.[27] «No More Cry», som Andrea og Caroline Corr skreiv for albumet, var dedisert til far deira i håp om å hjelpa han med sorga.[28]

Corr tok opp att skodespelarkarieren sin i 2003 med rolla som Anne i The Boys from County Clare. Filmen hadde ikkje kommersiell suksess, men Corr vann Film Discovery Jury Award for beste kvinnelege skodespelar ved US Comedy Arts Festival, og blei nominert til beste kvinnelege skodespelar ved IFTA Awards.

The Corrs i 2004.

I 2003 spelte Andrea Corr inn «Time Enough For Tears», ein song skriven av Bono og Gavin Friday til filmen In America.[29] Sporet blei teke med på The Corrs-albumet Borrowed Heaven frå 2004.[30] Borrowed Heaven var dedisert til den avdøde mora deira, Jean, og faren Gerry.[31] Gruppa dediserte også albumet Home frå 2005 til mor si.[32] På dette albumet spelte gruppa ei rekkje irske folkesonga henta frå mora si songbok for å markera dei 15 åra dei hadde vore eit band.[33][34][35]

Medan syskena tok ein pause i musikkarrieren for å stifta familiar, spelte Andrea Corr i filmane The Bridge (2005) og Broken Thread (2006). Ho hadde rolla som Christina i skodespelet Dancing at Lughnasa som var sett opp ved Old Vic i London frå februar til mai 2009.[36] Ho spelte tittelrolla i Jane Eyre av Alan Stanford ved Gate Theatre i Dublin som hadde premiere den 9. november 2010.[37]

Corr byrja også ein musikalsk solokarriere. Ho gav ut sitt første soloalbum, Ten Feet High, 25. juni 2007. Det var produser av Nellee Hooper, som også hadde arbeidd med Gwen Stefani og Madonna, medan Bono var ein produsent.[38] Den førrste singelen hennar, «Shame on You», var ein popsong om menn og kvinner som dreg i krigen og forlèt partnerar dei kanskje aldri vil sjå att.[39] Ho skreiv og framførte songen «Oh Brother» til albumet Music of Ireland – Welcome Home (2010), som tok for seg irsk musikk frå 1960-talet til samtida.[40]

Andrea Corr speler blikkfløyte i Wien i 2016.

Det sjette studioalbumet til The Corrs, White Light,[41] blei gjeve ut 27. november 2015, og følgd opp med ein verdsturné.

Veldedig arbeid[endre | endre wikiteksten]

Andrea Corr har involvert seg i fleire veldedige aktivitetar. Ho har spelt på veldedige konsertar for å samla inn pengar for Pavarotti & Friends sitt initiativ for barn i Liberia, for Freeman Hospital i Newcastle upon Tyne i England, for offer av bombeåtaket i Omagh i Nord-Irland og for The Prince's Trust in 2004.[42][43][44][45] Ho er ambassadør for Nelson Mandela sin 46664-kampanje for å auka merksemd om AIDS i Afrika.[46] Under Live 8-konserten i Edinburgh den 2. juli 2005 framførte The Corrs «When the Stars Go Blue» saman med Bono for å støtta Make Poverty History-kampanjen.[47] Andrea Corr og syskena hennar blei gjevne ein æres-M.B.E. i 2005 av dronning Elizabeth II for bidraga sine til musikk og veldedig arbeid.[48]

Corr var med på å spela inn ein singel til ære for Ronnie Drew, eit medlem av The Dubliners, med tittelen «The Ballad of Ronnie Drew».[49] Songen var skriven for Ronnie sjølv til å synga, men blei tileigna han i staden ettersom helsa hans blei dårlegare. Ei rekkje kjende irske musikarar deltok på innspelinga,som medlemmer av U2, Sinéad O'Connor, Christy Moore, Moya Brennan, Shane MacGowan, Bob Geldof og Robert Hunter frå Grateful Dead, som skreiv songen. Inntekter frå salet gjekk til The Irish Cancer Society etter ønske frå Drew sjølv. Songen blei framført live på The Late Late Show[50] den 22. februar med Ronnie Drew blant tilskodarane, og gjekk inn på den irske singellista på andreplassen.

10. oktober 2010 var Corr med på å opptre på ein konsert til ære for avdøde Kirsty MacColl ved Shepherd's Bush Empire for å markera fødselsdagen til MacColl og samla inn pengar for veldedige føremål.

30. november 2012 gav Corr si støtte til Kate Winslet sin Golden Hat Foundation saman med Tim Janis, Sarah McLachlan, Loreena McKennitt og Hayley Westenra då dei tok del i konserten The American Christmas Carol i Carnegie Hall.[51][52]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Corr er praktiserande katolikk, og har sagt at ho ber før førestillingar.[53][54]

Ho gifta seg med aksjemeklaren Brett Desmond, i 2009. Sharon Corr og Caroline Corr song «No Frontiers» i bryllaupet. Damien Dempsey, Sharon Shannon og Seamus Begley opptredde også i kyrkja, i tillegg til Andrea Corr sjølv.[55] Corr fekk ei dotter, Jean, den 28. april 2012,[56] og sonen Brett Jr. den 4. januar 2014.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Albumdetaljar Plassering
IRE IRE Indie AUS FRA GER NDL SPA SWI UK
2007 Ten Feet High 24 98 128 86 84 9 42 38
2011 Lifelines[57]
  • Utgjeve 29. mai 2011
  • Selskap: AC Records
40 9 48

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song Plassering Album
IRE SPA UK
2006 «All I Have to Do is Dream» (med Laurent Voulzy) La Septième Vague
2007 «Shame on You» 43 20 108 Ten Feet High
«Champagne from a Straw»
2011 «Tinseltown in the Rain»[58] Lifelines
«Pale Blue Eyes» / «Blue Bayou»

Filmar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle
1991 The Commitments Sharon Rabbitte
1996 Evita Elskarinna til Juan Peron
1998 Quest for Camelot Kayley (syngestemme)
2003 The Boys from County Clare Anne
2005 The Bridge Mary
2006 Broken Thread Lily
2009 Pictures Donna

Sceneroller[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle
2010 Jane Eyre The Gate Theatre Jane Eyre
2009 Dancing at Lughnasa The Old Vic theatre Christina «Chris» Mundy

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lewicki, Aaron. «Absolute Divas – The Corrs biography». absolutedivas.com. Arkivert frå originalen 19. november 2010. Henta 6. juni 2018. 
  2. Kilkelly, Daniel (25. mars 2006). «No new material planned for The Corrs». Digital Spy. Henta 6. juni 2018. 
  3. Thomas, Charlie (8. mai 2007). «Andrea Corr goes solo». Inthenews.co.uk. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 6. juni 2018. 
  4. «Andrea Corr | Biography & History | AllMusic». AllMusic. Henta 23. november 2015. 
  5. «Honorary MBEs awarded to The Corrs». RTÉ Entertainment. 7. november 2005. Arkivert frå originalen den 13. oktober 2007. Henta 2 November 2007. 
  6. Borden, Timothy. «The Corrs biography – Contemporary Musicians». Enotes.com. Henta 1. november 2007. 
  7. «The Corrs Cosmopolis English Edition». desember 1999. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 1. november 2007. 
  8. «The Corrs». Hello! Magazine. Arkivert frå originalen den 17. oktober 2007. Henta 1. november 2007. 
  9. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 16. ISBN 1-85227-840-4. 
  10. «The Corrs lyrics and biography». Musicianguide.com. Arkivert frå originalen den 12. november 2007. Henta 1. november 2007. 
  11. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 21. ISBN 1-85227-840-4. 
  12. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 102. ISBN 1-85227-840-4. 
  13. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 99. ISBN 1-85227-840-4. 
  14. «The Commitments' Official Website». Arkivert frå originalen 17. oktober 2007. Henta 1. november 2007. 
  15. «The Biography Channel – The Corrs biography». The Biography Channel. Arkivert frå originalen 29 May 2007. Henta 1. november 2007. 
  16. «Forgiven, Not Forgotten UK Certification». The BPI. 15. januar 1999. Arkivert frå originalen 30. september 2007. Henta 14. juli 2007. 
  17. Forgiven, Not Forgotten Australian Certification. ARIA. Henta 14. juli 2007.
  18. «The Corrs». VH1.com. Arkivert frå originalen den 13. november 2007. Henta 1. november 2007. 
  19. «The Corrs on MSN Music». Arkivert frå originalen 8. mars 2009. Henta 9. juli 2019. 
  20. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 88. ISBN 1-85227-840-4. 
  21. Cornwell, Jane (1999). The Corrs. London: Virgin Publishing Ltd. s. 105. ISBN 1-85227-840-4. 
  22. «The Corrs biography». Bandbiographies.com. Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. Henta 1. november 2007. 
  23. Talk on Corners UK Certification Arkivert 30. september 2007 ved Wayback Machine.. The BPI. 1. april 1999. Henta 14. juli 2007.
  24. Talk on Corners Australian Certification. ARIA. Henta 14. juli 2007.
  25. «The Corrs Eye U.S. Success». Billboard.com. 21. august 2000. Arkivert frå originalen den 4. november 2007. Henta 1. november 2007. 
  26. «Stars of music world gather to mourn with the Corrs family». Independent Newspaper. 28. november 2000. Arkivert frå originalen 29. juni 2012. Henta 1. november 2007. 
  27. Keogh, Elaine (29. november 1999). «Corrs share grief as mother is buried». Independent Newspaper. Arkivert frå originalen 4. august 2012. Henta 1. november 2007. 
  28. «Corrs' main frame». Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. Henta 1. november 2007. 
  29. «Bono & Gavin Frida: "Time Enough for Tears"». 4. november 2002. Arkivert frå originalen den 17. november 2007. Henta 2. november 2007. 
  30. Uthayashanker, Uma. «The Corrs: Borrowed Heaven». MusicOMH.com. Arkivert frå originalen 7. november 2007. Henta 2. november 2007. 
  31. «The Corrs & Heaven 'Borrowed Heaven' album». Music Remedy. Arkivert frå originalen 30. oktober 2007. Henta 2. november 2007. 
  32. Maher, Gareth. «The Corrs' album 'Home'». CLUAS.com. Henta 2 November 2007. 
  33. Murphy, Hubert (16. september 2005). «Corrs make a return to Fingal». Fingal Independent. Arkivert frå originalen 12. november 2007. Henta 2. november 2007. 
  34. «The Corrs 'Home' album». MusicRemedy.com. Arkivert frå originalen 22 October 2007. Henta 2. november 2007. 
  35. Weisinger, Mark (7. mars 2006). «The Corrs: Home». Popmatters.com. Henta 2. november 2007. 
  36. «BBC News | Entertainment | Corr to make London stage debut». BBC. 22. oktober 2008. Arkivert frå originalen den 25. oktober 2008. Henta 31. oktober 2008. 
  37. Egan, Barry (12. september 2010). «Colgan signs up Andrea as his Jane Eyre». Independent. Henta 12. september 2010. 
  38. «Andrea's New Album». The Corrs Official Website. 6. februar 2007. Arkivert frå originalen 28. februar 2007. Henta 6. februar 2007. 
  39. Singles of the Week (18 June 2007) Arkivert 2017-02-12 ved Wayback Machine.. indielondon.co.uk. 18. juni 2007. Retrieved 21. juni 2007.
  40. «Music of Ireland: Welcome Home - Various Artists | Songs, Reviews, Credits», AllMusic (på engelsk), henta 9. juli 2019 
  41. Wyatt, Daisy (17. september 2015). «The Corrs are coming back for a 2016 UK tour». The Independent. Henta 18. september 2015. 
  42. «Pavarotti Spices up charity album». BBC News. 15. oktober 1998. Henta 21. november 2007. 
  43. McKiernan, Joseph (13. april 2001). «City honors The Corrs». Independent Newspaper. Arkivert frå originalen 3. august 2012. Henta 2. november 2007. 
  44. «Sinead backs Northern Ireland peace». BBC. 10. november 1998. Henta 2. november 2007. 
  45. O'Doherty, Caroline (8. november 2005). «Corrs left breathless over MBE honor». Irish Examiner. Arkivert frå originalen 4. november 2007. Henta 2. november 2007. 
  46. «46664 – 1 minute for AIDS in South Africa». oktober 2007. Arkivert frå originalen den 27. september 2007. Henta 2. november 2007. 
  47. «Live 8 Concert». Live 8. Arkivert frå originalen 7. november 2007. Henta 2. november 2007. 
  48. «Honorary MBEs awarded to The Corrs». RTÉ Entertainment. 7. november 2005. Arkivert frå originalen den 13. oktober 2007. Henta 2. November 2007. 
  49. «WORLD EXCLUSIVE: U2 and Kila collaborate on Ronnie Drew tribute». Hotpress.com. Henta 12. september 2009. 
  50. «RTÉ.ie Entertainment: U2 on the Late Late Show tonight». RTÉ.ie. 22. februar 2008. Henta 12. september 2009. 
  51. «American Christmas Carol Concert». broadwayworld.com. 14. september 2012. Henta 2. desember 2012. 
  52. «The American Christmas Carol». goldenhatfoundation.org. Henta 2. desember 2012. 
  53. Barry, Cathal (21. januar 2016). «"Prayer puts my mind at rest" — Andrea Corr». The Irish Catholic. Arkivert frå originalen 9. oktober 2017. Henta 19 May 2019. 
  54. Stewart, Linda (18. januar 2016). «Sharon Corr: Growing up as a child of Troubles has left me with no religion». Belfast Telegraph. 
  55. «Thecorrsonline: Sharon Corr: With Andrew Easton, Radio Transcript». Community.livejournal.com. Arkivert frå originalen 7. juli 2012. Henta 2. januar 2010. 
  56. Sweeney, Ken (30. april 2012). «Tears in family' as Andrea Corr names baby after late mum». independent.ie. Henta 1. mai 2012. 
  57. Mayer Nissim. «Andrea Corr unveils new solo LP, tour». Digital Spy. 
  58. «‘Lifelines’ | Andrea Corr». 21. mars 2011. Arkivert frå originalen 21. mars 2011. Henta 15. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Andrea Corr