The Marcels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Marcels
The Marcels-and-The Earth Angels.jpg
The Marcels med The Earth Angels under ein festival i mai 2010
Sjanger Doo-wop
Aktive år 1969 til 1995
Tidlegare medlemmer
  • Richard Knauss
  • Cornelius Harp
  • Fred Johnson
  • Gene Bricker
  • Ron Mundy
Fred Johnson (høgre) med Christian Carrasco frå The Earth Angels

The Marcels var ei USA-amerikansk doo-wop-gruppe kjend for å gjere eldre popsongar om til rock and roll. Gruppa vart skipa i 1959 i Pittsburgh i Pennsylvania og fekk platekontrakt hos Colpix Records med førstestemma Cornelius Harp, bassen Fred Johnson, Gene Bricker, Ron Mundy og Richard Knauss. Gruppa vart kalla opp etter ein populær hårfrisyre på den tida, marcel wave,[1][2] av den yngre systera til Fred Johnson, Priscilla.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1961 gav The Marcels ut ein ny versjon av balladen «Blue Moon» som byrjar med at bassongaren syng «bomp-baba-bomp-ba-bomp-ba-bomp-bomp... vedanga-dang-dang-vadinga-dong-ding...» Singelen selde over ein million eksemplar og fekk gullplate.[3] Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma Rock and Roll.

Singelen gjekk til topps på den amerikanske Billboard Hot 100[4] og UK Singles Chart.[5] Dei gav ut fleire songar i same gate som «Blue Moon» — «Heartaches» og «My Melancholy Baby» — som var mindre suksessrike i USA, sjølv om «Heartaches» nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 og til slutt selde over ein million eksemplar verda over.

Introduksjonen til «Blue Moon» var eit utdrag frå ein original song som gruppa hadde i repertoaret sitt, songen «Zoom» av The Cadillacs. Colpix sin A&R-direktøren Stu Phillips overførte introduksjonen til «Blue Moon» for å gje songen noko ekstra. The Marcels spelte inn «Blue Moon» på to forsøk. Lydbandet enda opp hos radioverten Murray the K. Han marknadsførte songen som ein «eksklusiv» og spelte han visstnok 26 gonger på eit program.

I august 1961 fekk gruppa raseproblem på turné i Sørstatane fordi gruppa bestod av både kvite og svarte. Knauss og Bricker var kvite medlemmar og vart erstatta av Allen Johnson (bror til Fred) og Walt Maddox. Mundy slutta etter kort tid og gruppa vart ein kvartett. I 1962 slutta Harp og Allen Johnson og vart erstatta av Richard Harris og William Herndon. Det vart ei kort attforeining av dei orignale medlemmane i 1973. Gruppa gjorde fleire innspelingar i 1975 med Harp attende som førstevokalist.

Tidleg i 1990-åra omfatta gruppa Johnson, Maddox, Harris, Jules Hopson og Richard Merritt. Gruppa vart oppløyst kring 1995. Fred Johnson danna si eiga gruppe med nye medlemmar, medan dei andre fire medlemmane rekrutterte ein ny bass, Ted Smith. Maddox vann eit søksmål mot Sunny James Svetnic, manageren til gruppa til Johnson, for brot på varemerkeretten i 1996. Johnson kom attende med Harp, Mundy og Knauss i 1999 for fjernsynsprogrammet Doo Wop 50.

The Marcels vart innlemma i Vocal Group Hall of Fame i 2002.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1961 «Blue Moon» / «Goodbye To Love»
  • 1961 «Summertime» / «Teeter-Totter Love»
  • 1961 «You Are My Sunshine» / «Find Another Fool»
  • 1961 «Heartaches» / «My Love For You»
  • 1961 «Merry Twist-mas» / «Don't Cry For Me This Christmas»
  • 1962 «My Melancholy Baby» / «Really Need Your Love»
  • 1962 «Footprints In The Sand» / «Twistin' Fever»
  • 1962 «Flowerpot» / «Hold On»
  • 1962 «Friendly Loans» / «Loved Her The Whole Week Through»
  • 1962 «Alright, Okay, You Win» / «Lollipop Baby»
  • 1963 «That Old Black Magic» / «Don't Turn Your Back On Me»
  • 1963 «Give Me Back Your Love» / «I Wanna Be The Leader»
  • 1963 «One Last Kiss» / «Teeter-Totter Love»
  • 1963 «One Last Kiss» / «You've Got To Be Sincere»

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1961: Blue Moon
  • 1963: That Old Black Magic And 12 Other Great Songs

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morrow, Cousin Brucie; Maloof, Rich (2007). Doo wop : the music, the times, the era. New York: Sterling Pub. s. 152. ISBN 1402742762. 
  2. Marv Goldberg (2009). «The Marcels». Henta 18. februar 2018. 
  3. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 137. ISBN 0-214-20512-6. 
  4. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits: The Inside Story Behind Every Number One Single on Billboard's Hot 100 from 1955 to the Present (5 utg.). Billboard Books. s. 87. ISBN 0-8230-7677-6. 
  5. «ChartArchive - Marcels - Blue Moon». Chartstats.com. Henta 18. februar 2018. 
  6. «The Marcels - Inductees - The Vocal Group Hall of Fame Foundation». Vocalgroup.org. Henta 18. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]