The Pentangle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om albumet frå 1968. For det britiske folkrockbandet, sjå Pentangle.
The Pentangle
Studioalbum av Pentangle
Utgjeve 17. mai 1968
Innspelt Februar og mars 1968
Studio IBC Studios & Olympic Sound Studio i London i England.[1]
Sjanger Folk, folkrock[2]
Lengd 30:52
Selskap Transatlantic
Produsent Shel Talmy
Pentangle-kronologi
The Pentangle Sweet Child
(1968)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [2]
Rolling Stone(positiv) [3]

The Pentangle var debutalbumet til Pentangle frå 1968 med Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson. Det førte saman den einskilde interessa for folk, jazz, blues, tidlegmusikk og samtidig låtskriving til ein unik stil. Teksten i plateomslaget, skriven av John Peel, seier:

«Er det naudsynt å snakke om «blandingar av tradisjonelle folkmusikkformer», «musikalsk nyskaping», «felles utforsking» og slikt som det? Svar 'nei' på seksti ord eller mindre. Spel denne plata for dei du er glad i.»

Då albumet vart spelt inn var medlemmane i Pentangle alt dyktige musikarar, kvar innan sitt felt, og hadde spelt saman i forskjellige kombinasjonar: Jansch og Renbourn var alt respekterte soloartistar og spelte ofte i lag, mellom anna på albumet Bert And John. McShee hadde sunge på vise- og bluespubar og klubbar og hadde spelt inn musikk i lag med Renbourn på Another Monday. Cox og Thompson var erfarne studiomusikarar og hadde spelt i lag i bandet til Alexis Korner.

Richie Unterberger sa om albumet: «Om det var meir ei folk-jazz-blues-blanding enn det var folkrock, så rocka det unekteleg med ein god rytme, og det vart framført med vokalharmoniar, vokal og instrumentale soloar, og ein vågal, uærbødig and som umiddelbart slo an hos rockeorienterte lyttarar. Og rockelyttarane, heller enn viselyttarane, utgjorde truleg størstedelen av publikumet til Pentangle. Albumet nådde akkurat ikkje Topp 20 i Storbritannia.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Let No Man Steal Your Thyme»Tradisjonell2:37
2.«Bells»Pentangle3:52
3.«Hear My Call»The Staple Singers3:01
4.«Pentangling»Pentangle7:02
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Mirage»Bert Jansch2:00
6.«Way Behind the Sun»Tradisjonell3:01
7.«Bruton Town»Tradisjonell5:05
8.«Waltz»Pentangle4:54

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pentangle
Teknisk
  • Produsent: Shel Talmy
  • Design: Osiris (Visions) Ltd.
  • Fotografi: Robert Dowling
  • Notat i omslaget: John Peel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Colin Harper, «Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival», Bloomsbury Publishing PLC, 2000, 2006, p. 374. ISBN 978-0747587255
  2. 2,0 2,1 The PentangleAllmusic
  3. Dente, Fred (26. oktober 1968). «Records: The Pentangle». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). 
  4. Richie Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock, Backbeat Books, 2003. ISBN 0-87930-743-9