Danny Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Danny Thompson
Danny Thompson.JPG
Thompson spelar for Martin Simpson i 2008
Folk by the Oak Festival
Foto: David Laws
Verkeleg namn Daniel Henry Edward Thompson
Fødd 4. april 1939, Teignmouth i Devon i England
Instrument Kontrabass, gitar, mandolin, trompet, trombone
Sjanger skiffle, folkrock, jazz
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Tilknytte artistar Pentangle, Alexis Korner's Blues Incorporated,
Plateselskap Island Records
Kjende instrument
«Victoria», ein kontrabass bygd i 1865

Daniel Henry Edward 'Danny' Thompson (fødd 4. april 1939) er ein eneglsk multi-instrumentalist, men mest kjend som kontrabassist. Han har hatt ei lang musikalsk karriere for mange andre musikarar, særleg Richard Thompson (ingen slektskap) og John Martyn, men òg artistar som Roy Orbison, Julie Felix, Freddie and the Dreamers, Tubby Hayes, Ronnie Scott, Tom Paxton, Donovan, Vivian Stanshall, David Sylvian, Kate Bush, Mary Hopkin, Loreena McKennitt, Tim Buckley og Davey Graham. I fem år var han medlem av Alexis Korner's Blues Incorporated og han var med å starte det britiske folkrockbandet Pentangle. Sidan 1987 har han spelt inn fire soloalbum. Han konverterte til islam i 1990.[1]

Biografi og karriere[endre | endre wikiteksten]

Far til Thompson var ein gruvearbeider som døydde under den andre verdskrigen i Royal Navy. Då Thompson var seks år flytte familien til London og han voks opp i arbeidarstrøket i Battersea. På skulen var han flink i fotball og spelte på juniorlaget til Chelsea. Medan han var på skulen lærte han å spele gitar, mandolin, trompet og trombone, før han slo seg ned med kontrabass som hovudinstrumentet sitt.

Sjølv om han har gjeve ut eigne album, er dei mest profilserte innspelingane hans med Richard Thompson som Mirror Blue, The Old Kit Bag, og konsert-DVDen Richard Thompson Live in Austin Texas, frå Austin City Limits.

Som mange musikarar har Danny Thompson tidvis drive med stoffmisbruk. Då han spelte med John Martyn, vart drikkinga deira og den overdrivne oppførselen deira legendarisk. I følgje Martyn vakna han opp etter å ha slokna på eit golv på eit hotellrom, under eit teppe som Thompson hadde spikra fast. Berre hovudet til Martyn stakk ut. Ein anerkjend biografi om Thompson vart skriven av John Hillarby.

Danny Thompson levde ei tid i Clopton i Suffolk mot slutten av 1970-åra og byrjinga av 1980-åra med kona Daphne og sonen Dan (Danny Junior som seinare vart trommeslagar i Hawkwind) Han levde som ei rockestjerne med eit landgods og ein Bentley, og etter kvart eit platestudio. Tidleg i 1980-åra flytte han attende til London.

Delvis diskografi[endre | endre wikiteksten]

Alexis Korner's Blues Incorporated[endre | endre wikiteksten]

  • Red Hot From Alex (1964)
  • Live at the Cavern (1964)
  • Sky High (1966)
  • Blues Incorporated (1967 - nyutgjeving av Sky High)
  • I Wonder Who (1967)
  • 'A New Generation of Blues (1968)

Pentangle[endre | endre wikiteksten]

Danny Thompson[endre | endre wikiteksten]

  • Whatever (1987)
  • Whatever Next (1989)
  • Elemental (1990)
  • Whatever’s Best (1995)
  • Danny Thompson & Peter Knight (1995)

Richard Thompson og Danny Thompson[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Danny Thompson har spelt på mange album og singlar opp gjennom åra. Her er eit lite utval:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] "In 1999 Danny was interviewed for the BBC TV series Faces of Islam in which he discussed becoming a Muslim and his realisation of the fact that whilst he had only converted to Islam in 1990, the muslim faith had always been within him."

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]