The Real Thang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Real Thang
Studioalbum av Tony Joe White
Utgjeve 1980
Sjanger Swamp rock, poprock, country, disco
Selskap Casablanca Records
Produsent Tony Joe White
Tony Joe White-kronologi
Eyes
(1976)
The Real Thang Dangerous
(1983)


The Real Thang er det åttande studioalbum av den amerikanske musikaren Tony Joe White, gjeve ut i 1980. Albumet kom ut fire år etter det førre albumet hans, Eyes i 1976, og som på det førre albumet bar musikken delvis preg av disco.

Albumet inneheld nokre originale songar, i tillegg til «Polk Salad Annie» frå 1969 og «Even Trolls Love Rock And Roll» frå 1972. Songen «Swamp Rap» vart spelt inn på ny for det neste albumet hans, Dangerous i 1983. Tittelen på songen «Mamas Don't Let Your Cowboys Grow Up to Be Babies» er ein parodi på countrylåten «Mamas Don't Let Your Babies Grow Up to Be Cowboys».

Albumet er aldri gjeve ut på CD.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tony Joe White. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «I Get Off On It»   5:10
2. «Disco Blues»   4:12
3. «Red-Neck Woman»   3:06
4. «Polk Salad Annie»   4:23
Side to
# Tittel Lengd
5. «Swamp Rap»   5:10
6. «Grounded»   3:25
7. «Mama Don't Let Your Cowboys Grow Up To Be Babies»   3:36
8. «Even Trolls Love Rock And Roll»   5:09

Kjelder[endre | endre wikiteksten]