Hopp til innhald

Uncovered av Tony Joe White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uncovered
Studioalbum av Tony Joe White
Utgjeve 5. september 2006
Sjanger Americana, swamp rock, deltablues
Lengd 49:39
Selskap Swamp Records (USA), Munich Records (Europa)
Produsent Tony Joe White, Jody White
Tony Joe White-kronologi 
The Heroines
(2004)
Uncovered Deep Cuts
(2008)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]

Uncovered er det 17. studioalbumet til den amerikanske musikaren Tony Joe White, gjeve ut 5. september 2006 på Swamp Records i USA og Munich Records i Europa.

Albumet inneheld sju nye songar i tillegg til nye innspelingar av «Rainy Night in Georgia», «Taking the Midnight Train» og «Did Somebody Make a Fool Out of You». Han har med seg fleire gjesteartistar på albumet, som Mark Knopfler på «Not One Bad Thought», Michael McDonald på piano og vokal på «Don't Look Down», Eric Clapton på «Did Somebody Make a Fool Out of You» og J.J. Cale på «Louvelda». Waylon Jennings var med på «Shakin' the Blues» og det var ein av dei aller siste gongane han var i studio før han døydde.

Allmusic skreiv om albumet: «White trengde aldri å heve stemma si, fordi krafta i den neste kviskrande stemma har krafta til ein langsamtbrennande flamme som vert eit flammehav. For dei som ikkje alt visste det, White er tilbake -- og det som det står etter.»[1]

Alle songar er skrivne av Tony Joe White, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Run for Cover»Leann White, Tony Joe White4:42
2.«Not One Bad Thought» (med Mark Knopfler) 5:35
3.«Did Somebody Make A Fool Out of You» (med Eric Clapton) 4:50
4.«Louvelda» (med J.J. Cale)J.J. Cale, Tony Joe White7:33
5.«Rebellion» 5:24
6.«Shakin' the Blues» (med Waylon Jennings)Waylon Jennings5:19
7.«Rainy Night in Georgia» 5:49
8.«Baby, Don't Look Down» (Michael McDonald)Michael McDonald, Tony Joe White4:48
9.«Taking the Midnight Train» 4:34
10.«Keeper of the Fire» 4:50

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Musikarar
  • Tony Joe White: gitar, vokal, munnspel, whomper stomper, swamp box
  • Tom McGinley - barytonsaksofon
  • John Catchings - cello
  • Jeff Hale - trommer, perkusjon
  • Carson Whitsett - orgel, elektisk piano, piano
  • Robby Turner - bass, pedalsteelgitar
  • Wayne Jackson - trombone, trompet
  • Mark Knopfler - gitar, vokal (spor 2)
  • Eric Clapton - gitar, vokal (spor 3)
  • J.J Cale - gitar, vokal (spor 4)
  • Waylon Jennings - gitar, vokal (spor 6)
  • Michael McDonald - piano, vokal (spor 8)
Andre
  • Produsert av Tony Joe White og Jody White