One Hot July

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
One Hot July
Studioalbum av Tony Joe White
Utgjeve 6. oktober 1998
Innspelt Studio in the Country i Bogalusa
Sjanger Bluesrock
Lengd 64:59
Selskap Mercury (Europa) Hip-O (USA)
Produsent Tony Joe White, Roger Davis
Tony Joe White-kronologi
Lake Placid Blues
(1995)
One Hot July The Beginning
(2001)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

One Hot July er det 13. studioalbumet til den amerikanske musikaren Tony Joe White, gjeve ut i 1998. Albumet var det første White gav ut i USA sidan Dangerous i 1983.

Albumet var produsert av Roger Davis, som var manager og produsent for Tina Turner og ansvarleg for gjennombrotet hennar i 1980-åra. I følgje Allmusic var albumet det beste han hadde laga sidan albuma tidleg i 1970-åra med Billy Swan.[1] Allmusic skreiv vidare: «Tony Joe held tett fokus med ein liten combo (Hammondorgel, bass, trommer) og resten av rommet i miksen er okkupert av den funky gitaren, munnspelet og den luftige vokalen hans, spelt inn så tett at det høyres ut som han er 5 cm frå andletet til lyttaren.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tony Joe White, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Crack the Window Baby» 4:13
2.«Gumbo John» 4:18
3.«Across From Midnight» (Leann White, Tony Joe White) 4:39
4.«Goin' Down Rockin'» (Leann White, Tony Joe White) 4:04
5.«Cold Fingers» 4:31
6.«I Want My Fleetwood Back» 5:05
7.«I Believe I've Lost My Way» 7:01
8.«Don't Over Do It» 4:00
9.«The Delta Singer» 4:35
10.«Ol' Black Crow»Chet Hinsley, Tony Joe White5:33
11.«One Hot July» 6:21
12.«Conjure Woman» 5:34
13.«Selena» 4:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar
  • Tony Joe White: gitar, vokal og munnspel
  • Eric Watkins: bass
  • Carson Whitsett: klaverinstrument
  • Marc Cohen: trommer
  • Luis Conte: perkusjon
  • Michelle White: synthesizer (på «Ol' Black Crow»)
  • Chet Hinesley: tang og kjetting (på «Ol' Black Crow»)
  • Rachel Jordan, Elizabeth Plju, Amy L. Thiaville, Bill Schultz: Strykarar (på «One Hot July»)
Andre
  • Produsert av Roger Davies og Tony Joe White
  • Leiande produsent: Bas Hartong
  • Lydteknikar: Gene Foster
  • Prosjektleiar Eileen Cleary og Chet Hinesley (nevøen til Tony Joe White)
  • Miksa av Chris Lord-Alge i Image Recording i Los Angeles
  • Mastra av Greg Calbi i Masterdisk i New York

Kjelder[endre | endre wikiteksten]