The Surfaris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Surfaris
SurfarisByPhilKonstantinPublicDomain.jpg
The Surfaris med Bob Berryhill.
Opphav Glendora i California
Sjanger Surferock
Aktive år Sidan 1962
Plateselskap DFS, Princess, Dot, Decca, GNP Crescendo, MGM Records
Medlemmer
Bob Berryhill
Tidlegare medlemmer
Ron Wilson
Pat Connolly
Jim Pash
Ken Forssi
Jim Fuller

The Surfaris var eit amerikansk surfemusikkband starta i Glendora i California i 1962. Dei er mest kjend for to songar som nådde listene i Los Angeles-området og nasjonalt i mai 1963. Desse var «Surfer Joe» på A-sida og «Wipe Out» på B-sida.

Det opphavlege bandet bestod av Ron Wilson (trommer), Jim Fuller (sologitar), Bob Berryhill (rytmegitar) og Pat Connolly (bass). Saksofonisten Jim Pash kom med i bandet etter innspelinga av «Wipe Out» / «Surfer Joe». Ken Forssi, som seinare spelte i bandet Love, spelte bass med The Surfaris, og det same gjorde Jck Oldham, som spelte med gruppa frå 1966 til 1967.

Den energiske trommesoloen til Wilson gjorde «Wipe Out» til ein av dei best hugsa instrumentale rockesongane frå perioden. «Wipe Out» vert òg hugsa for introduksjonen før musikken startar, ein knekkelyd (som skal høyrast ut som eit surfebrett som bryt) og ein manisk latter etterfølgd av dei to einaste orda i songen, «wipe out».

Bandet gav ut fleire plater, men berre to andre singlar, «Surfer Joe» og «Point Panic», nådde listene. The Surfaris gjekk frå kvarandre i 1966, men har periodsvis kome attande og er framleis delvis aktive.

«Wipe Out» vert nytta i filmen Dirty Dancing.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1963: Wipe Out (Dot 3535)
  • 1963: Play (Decca 4470)
  • 1964: Hit City '64 (Decca 4487)
  • 1964: Fun City USA (Decca 4560)
  • 1965: Hit City '65 (Decca 4614)
  • 1965: It Ain't Me, Babe (Decca 4683)
  • 1994: Surf Party - The Best of The Surfaris Live (GNP Crescendo 2239)
  • 2005: Wipe Out
  • 2015: «The Surfaris Hurley Sessions»

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1963 «Wipe Out» / «Surfer Joe» (Dot 16479)
  • 1963 «Point Panic» / «Waikiki Run»
  • 1963 «Wipe Out» / «I'm a Hog for You»
  • 1963 «I Wanna Take A Trip To The Islands» / «Scatter Shield»
  • 1964 «Murphy the Surfie» / «Go Go Go for Louie's Place»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]