Wipe Out

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wipe Out
Singel av The Surfaris
frå albumet Wipe Out
A-side «Surfer Joe»
Utgjeve Januar 1963
Innspelt 1962, Cucamonga's Pal Recording Studio
Sjanger Surferock
Lengd 2:12
Selskap DFS, Princess, Dot
Låtskrivar(ar) Bob Berryhill, Pat Connolly, Jim Fuller, Ron Wilson
The Surfaris-kronologi
Wipe Out «Point Panic»
(1963)


«Wipe Out» er ein surferock-instrumental skriven av Bob Berryhill, Pat Connolly, Jim Fuller og Ron Wilson. Han er ein 12-taktsblues[1] først framført og spelt inn av The Surfaris, som var internasjonale stjerner med denne singelen og «Surfer Joe» i 1963.

Singelen kom først ut på det vesle selskapet DFS i januar 1963 og kom ut at på ny på det vesle Princess i februar 1963, før det vart distribuert nasjonalt på Dot i april 1963. Dot gav ut singelen nok ein gong i april 1965.

Både Surfaris sin versjon og fleire coverversjonar er blitt nytta i over 20 filmar og TV-seriar sidan 1964.[2]

Omgrepet «wipe out» syner til eit fall frå surfebrettet, særleg eit som ser smertefullt ut.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bob Berryhill, Pat Connolly, Jim Fuller og Ron Wilson skreiv melodien nesten på sparket, då dei trengde ei B-side til singelen «Surfer Joe». Seint i 1962, medan bandet var i Cucamonga's Pal Recording Studio for å spele inn singelen, føreslo eit av bandmedlemmane at dei i introduksjonen før musikken byrjar tok med eit høgt smell, som skulle etterlikne lyden av eit surfebrett som bryt i to. Etter smellet kan ein høyre ei manisk stemme sei «ha ha ha ha ha, wipe out». Stemma i byrjinga av songen er manageren til bandet på den tida, Dale Smallin.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Singelen låg fire månader på den nasjonale Billboard-lista hausten 1963 og nådde andreplassen på lista, bak Stevie Wonder sin «Fingertips». «Wipe Out» gjekk inn att på Hot 100 i 1966 og nådde då 16. plassen på Billboard- og niandeplassen på Cash Box-lista.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963/1966) Plassering
Kanadiske RPM Top Singles[3] 5
Tyskland[4] 46
UK Singles Chart[5] 5
US Billboard Hot 100[6] 2
US Hot R&B Singles[6] 10

The Fat Boys feat. The Beach Boys-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Wipe Out
Singel av The Fat Boys & The Beach Boys
frå albumet Crushin'
B-side Fat Boys - «Crushin»
Utgjeve 10. juli 1987
Innspelt 1986
Sjanger Old-school hip hop, surferock
Lengd 3:50
Selskap PolyGram
Låtskrivar(ar) Bob Berryhill, Pat Connolly, Jim Fuller and Ron Wilson
Produsent Brian Wilson, Albert Cabrera, Tony Moran & The Beach Boys
The Fat Boys & The Beach Boys-kronologi
«Jail House Rap»
(1985)
Wipe Out «The Twist (Yo, Twist)»
(1988)


Sommaren 1987 laga The Fat Boys & The Beach Boys ein ny versjon av «Wipe Out» som nådde 12. plassen på den amerikanske singellista og andreplassen på den britiske.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" Single

  1. Wipeout! 3:50
  2. Fat Boys - Crushin' 3:40

12" Maxi

  1. Wipeout! (Wave I) 6:05
  2. Wipeout! (Wave II) 5:43
  3. Fat Boys - Crushin' (12") 5:38

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
US Billboard Hot 100 12
UK Singles Chart 2
Tyskland 30
Nederlandsk Topp 40 13
Belgia 17[7]
Noreg 2
New Zealand 2

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wolf Marshall. Stuff! Good Guitar Players Should Know: An A-Z Guide to Getting Better. Books.google.com. s. 131. Henta 3. mars 2018. 
  2. «The Surfaris». Internet Movie Database. Henta 3. mars 2018. 
  3. «Wipe out in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 4. mars 2018. 
  4. «Wipe out in German Chart». Media control. Henta 4. mars 2018. 
  5. «Surfaris». Official Charts Company. Henta 4. mars 2018. 
  6. 6,0 6,1 «The Surfaris awards on Allmusic». Allmusic. Henta 4. mars 2018. 
  7. «Fat Boys & The Beach Boys - Wipeout!». Ultratop.be. Henta 3. mars 2018. 
  8. «ANIMAL | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 3. mars 2018.