The Táin av Horslips
The Táin Studioalbum av Horslips | ||
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | September 1973 | |
Studio | Escape Studios og Manor Studios. Miksa i Olympic Studios | |
Sjanger | Keltisk rock, progressiv rock | |
Lengd | 42:39 | |
Selskap | LP - Horslips Records (Ireland), RCA (Storbritannia), Atco (U.S.).
CD - Edsel (Storbritannia). | |
Produsent | Alan O'Duffy, Horslips | |
Horslips-kronologi | ||
---|---|---|
Happy to Meet - Sorry to Part (1972) |
The Táin | Dancehall Sweethearts (1974)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Táin er det andre studioalbumet til det irske rockebandet Horslips. Det var det første forsøket deira på å lage eit konseptalbum, noko dei gjorde igjen med The Book of Invasions: A Celtic Symphony i 1976. The Táin var basert på Táin Bó Cúailnge (The Cattle Raid of Cooley), ein av dei mest kjende segnene i tidleg irsk litteratur om krigen mellom Ulster og Connacht over ein premieokse. Songen fortel soga frå synspunktet til Cúchulainn, dronning Maeve av Connacht og Ferdia, blant fleire. Horslips fortsette keltisk rock-stilen sin med å blande irsk tradisjonell musikk og rock. Til dømes er «Dearg Doom» basert på «O'Neill's March», medan «The March of the King of Laois» utgjorde ein del av «More Than You Can Chew».
The Táin kom ut i Irland i 1973 på eige plateselskap. I Storbritannia kom det ut på RCA/Oats og i USA på Atco. Det kom ut på ny i Storbritannia på DJM i 1978.
«Dearg Doom» er utan tvil den mest populære songen på albumet og var med på samleplata til Tom Dunne kalla 30 Best Irish Hits i 2003. I lag med «Faster Than the Hound» vart han framført av bandet på TV-programmet Old Grey Whistle Test på BBC. Gitarriffet i «Dearg Doom» vart nytta i «Put 'Em Under Pressure», den offisielle songen til det irske herrelandslaget i fotball før fotball-VM 1990 i Italia.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Setanta» | 1:15 |
2. | «Maeve's Court» | 1:41 |
3. | «Charolais» | 4:03 |
4. | «The March» | 1:34 |
5. | «You Can't Fool the Beast» | 3:43 |
6. | «Dearg Doom» | 3:07 |
7. | «Ferdia's Song» | 2:44 |
8. | «Gae Bolga» | 1:15 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cú Chulainn's Lament» | 3:07 |
2. | «Faster Than the Hound» | 5:39 |
3. | «Silver Spear» | 2:06 |
4. | «More Than You Can Chew» | 3:18 |
5. | «The Morrigan's Dream» | 3:25 |
6. | «Time to Kill!» | 5:02 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jim Lockhart - klaverinstrument, fløyte, tinnfløyte, sekkepipe, korvokal
- Eamon Carr - trommer, bodhrán, perkusjon
- Barry Devlin - bassgitar, solovokal på «Charolais», «You Can't Fool the Beast», «Ferdia's Song» og «Faster than The Hound», korvokal
- Charles O'Connor - Fele, mandolin, concertina, solovokal på «Dearg Doom», «Cú Chulainn's Lament» og «More than You Can Chew», korvokal
- John Fean - gitar, banjo, solovokal på «Time to Kill,» korvokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Táin (Horslips album)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: