Irsk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsnitt frå Ulster-annalane i eit manuskript frå 1500-talet. Denne teksten tek for seg kong Gofraid mac Amlaíb meic Ragnaill.

Irsk litteratur omfattar tekstar skrivne på irsk, latin, standard engelsk og ulsterskotsk av folk tilknytte øya Irland. Dei eldste kjende irske tekstane stammar frå 600-talet, og blei skrivne av munkar på latin og gammalirsk. I tillegg til religiøse tekstar skreiv munkane ned både dikt og mytologiske soger. Ei rekkje gamle irske mytologiske tekstar har overlevd til moderne tid, som Táin og Buile Shuibhne.

Kyrkjevindauge med teksten «i líonta Dé go gcastar sinn» frå den irske salmen «Ag Críost an Síol» av Michael Sheehan. Ved St. Mary of the Visitation Church i Killybegs i County Donegal.
Frå Writers Square i Belfast.
Frå skodespelet The Weir av Conor McPherson.

Engelsk blei innført til Irland på 1200-talet etter den normanniske invasjonen av Irland. Irsk blei verande det viktigaste litterære språket på øya fram til 1800-talet, sjølv om det gjekk inn i ein sakte tilbakegang frå 1600-talet med aukande engelsk makt på øya. I siste halvdelen av 1800-talet gjekk stillinga til irsk raskt tiblake til fordel for engelsk i størstedelen av landet, i stor grad på grunn av den store hungersnauda (1845-1849) og den påfølgjande nedgangen i folketalet som følgje av svolt og utvandring.[1] Slutten av hundreåret såg likevel ein ny kulturell energi i landet, med ei keltisk fornying som oppmuntra til ein moderne irskspråkleg litteratur og til bruken av eldre irske motiv i den engelskspråklege litteraturen. Dette siste blei viktig i den irske litterære fornyinga (Irish Literary Revival).[2]

Den anglo-irske litterære tradisjonen hadde sine første store namn i Richard Head og Jonathan Swift, følgd av Laurence Sterne, Oliver Goldsmith og Richard Brinsley Sheridan. Eit irskspråkleg dikt frå 1700-talet, Eibhlín Dubh Ní Chonaill sitt Caoineadh Airt Uí Laoghaire, er også eit kjent verk frå denne tida.

På slutten av 1800- og gjennom heile 1900-talet omfatta irsk litteratur ei rekkje verk som blei spreidde verda over, som verk av Oscar Wilde, Bram Stoker, James Joyce, W.B. Yeats, Samuel Beckett, Elizabeth Bowen, C.S. Lewis, Kate O'Brien og George Bernard Shaw. Dei fleste av desse hadde reist frå Irland for å søka lukka i andre delar av Europa som England, Frankrike, Spania og Sveits. Samstundes utvikla etterkomarane av skotske busetjarar i Ulster sin eigen litterære tradisjon på ulsterskotsk med ei særleg vekt på rimande dikt.

Sjølv om engelsk var det dominerande språket innan irsk litteratur på 1900-talet, blei det også skrive verk av høg kvalitet på irsk. Ein nyvinnande modernisisk forfattar på irisk var Pádraic Ó Conaire, og tradisjonelle levemåtar blei skildra i ei rekkje sjølvbiografiar av irsktalande frå vestkysten, som Tomás Ó Criomhthain og Peig Sayers. Máiréad Ní Ghráda skreiv fleire skodespel påverka av Bertolt Brecht, og den fyrste omsetjinga av Peter Pan, Tír na Deo, og Manannán, den fyrste irskspråklege science fiction-boka. Engelskspråklege irske forfattarar var leiande i den nye modernistiske rørsla, mellom dei James Joyce, med Ulysses rekna som eit av dei mest innverknadsrike verka frå 1900-talet. Dramatikaren Samuel Beckett skreiv ei rekkje viktige skodespel, som Waiting for Godot. Fleire irske forfattarar har utmerka seg innan novelleskriving, særleg Edna O'Brien, Frank O'Connor og William Trevor. Andre kjende irske forfattarar frå 1900-talrt er diktarane Eavan Boland og Patrick Kavanagh, dramatikarane Tom Murphy og Brian Friel og romanforfattarane Edna O'Brien og John McGahern. Mot slutten av hundreåret blei irske diktarar, særleg mange frå Nord-Irland, kjende med Derek Mahon, Medbh McGuckian, John Montague, Seamus Heaney og Paul Muldoon som viktige namn.

Kjende engelskspråklege irske forfattarar på 2000-talet er mellom anna Edna O'Brien, Colum McCann, Anne Enright, Roddy Doyle, Moya Cannon, John Boyne, Sebastian Barry, Colm Toibín og John Banville, som alle har vunne større prisar. Yngre frofattarar er mellom anna Sinéad Gleeson, Paul Murray, Anna Burns, Billy O'Callaghan, Kevin Barry, Emma Donoghue, Donal Ryan og dramatikarane Marina Carr og Martin McDonagh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Falc’Her-Poyroux, Erick (1. mai 2015). «'The Great Famine in Ireland: a Linguistic and Cultural Disruption». Halshs Archives-Ouvertes. Henta 5. februar 2020. 
  2. «Celtic and Irish Revival», Oxford Bibliographies Online (på engelsk), henta 2. mars 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Irsk litteratur