Theodor Andrei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theodor Andrei

Fødd9. oktober 2004 (19 år)
FødestadBucurești
FødenamnTheodor-Octavian Andrei
OpphavRomania
Aktiv2015–
Verka somsongar

Theodor-Octavian Andrei (fødd 9. oktober 2004), kjend under artistnamnet Theodor Andrei, er ein rumensk songar. I februar 2023 vann han den rumenske songtevlinga Selecția Națională og representerte Romania i Eurovision Song Contest 2023 med songen «D.G.T. (Off and On)».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Andrei blei fødd vaks opp i den rumenske hovudstaden București i Romania. Som 13-åring i 2017 vart han kjend då han deltok i Vocea Romaniei Junior, den rumenske utgåva av The Voice Kids. Han nådde semifinalen i den tv-sende tevlinga.[1][2]

I 2020 deltok Andrei i rumenske X Factor, der han blei slegen ut før direktesendingene. Han har gjeve ut ei rekkje singlar sidan 2017 og slapp debutalbumet Fragil i 2022.[1]

Året etter var Andrei blant deltakarane i Selecția Națională, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest. I finalen laurdag 11. februar 2023 vann han tevlinga med låten «D.G.T. (Off and On)». Som følgje av sigeren fekk han representere Romania i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[3][4][5] I semifinalen enda han på delt sisteplass med null poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «TheodorAndrei a câștigat Selecția Națională Eurovision România 2023. Publicul a decis!». click.ro (på rumensk). Henta 12. februar 2023. 
  2. «VIDEOCine este Theodor Andrei, tânărul de 18 ani care va reprezenta România la Eurovision 2023 cu piesa „D.G.T. (Off and on)”». life.hotnews.ro (på rumensk). Henta 12. februar 2023. 
  3. Grace, Emily (11. februar 2023). «Romania: Theodor Andrei to Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 12. februar 2023. 
  4. «TheodorAndrei». eurovision.tv (på engelsk). Henta 12. februar 2023. 
  5. Tudor, Ruxandra (11. februar 2023). «Romania: Theodor Andrei to Eurovision with "D. G. T. (Off and on)"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 12. februar 2023.