Thomas Alexander Erskine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Alexander Erskine

Fødd1. september 1732
FødestadKellie Castle
Død9. oktober 1781 (49 år)
DødsstadBrussel
OpphavKongeriket Storbritannia
Instrumentfiolin
Verka somkomponist
MorJanet Pitcairn
FarAlexander Erskine, 5th Earl of Kellie

Thomas Alexander Erskine, 6. jarlen av Kellie (1. september 17329. oktober 1781), kalla Viscount Fentoun og Lord Pittenweem til 1756, var ein skotsk musikar og komponist. Han blei internasjonalt kjend for talentet sitt, men også berykta for tøyleslus oppførsel. Seinare blei han i stor grad gløymd. Nyare innspelingar av verka hans som har overlevd har ført til at han er blitt revurdert som ein av dei viktigaste britiske komponistane på 1700-tallt, og ein leiande eksponent for skotsk musikk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Thomas var fødd i Edinburgh.[1] Far hans, Alexander Erskine, 5. earl av Kellie, sat fengsla i Edinburgh Castle for å ha støtta jakobittane i Jakobittopprøret i 1745. Mora, Janet Pitcairn, var dotter av den kjende lækjaren og diktaren Archibald Pitcairn. Thomas var elev ved Royal High School før han drog i 1752 til Mannheim i Tyskland for å studera under den eldre Johann Stamitz. Etter at faren døydde i 1756 vendte Erskine tilbake til Skottland som virtuos fiolinist og komponist med kallenamnet «Fiddler Tam».

Han byrja å spreia den moderne Mannheim-stilen, som han skulle bli allment anerkjend som den leiande britiske eksponenten for. Seks av hans "Overtures" (Symfoniar) med tre satser blei gjevne ut i Edinburgh i 1761. Forfattaren James Boswell lånte fem guinea av Erskine den 20. oktober 1762, og tok han 26. mai 1763 med på besøk til lord Eglinton i London, der ouverturen jarlen komponerte for den populære pastisjen The Maid of the Mill (ved Covent Garden i 1765) blei usedvanleg populær. I 1767 vende jarlen tilbake til Skottland, der han blei eit leiande lys for Edinburgh Musical Society, fungerte som viseguvernør, og som dyktig fiolinist leia konsertene i St Cecillia's Hall i Niddry Street i Edinburgh.

Som aktiv Freemason blei han vald som den fjerde Grand Master av Grand Lodge of the Ancients i London i 1760, og sat i stillinga i seks år. Han var også den tjuefjerde Grand Master Mason av Grand Lodge of Scotland frå 1763 til 1765.

I 1775, medan han vende tilbake frå ein tur til Kontinentet trip, omkom Thomas nesten då skipet hans forliste i Den engelske kanalen. Soga blei omtalt i det følgjande diktet som ein trur blei skriven av ein slektning av Thomas, Henry Erskine:

"In ancient story this I've found,
That no Musician e'er was drown'd.
A harp was then, or I mistake it,
Much better than the best cork-jacket;

'Twas thus the tuneful Peer of Kelly
Escap'd some whale's enormous belly;
And safe in London, thinks no longer
He'll prove a feast for shark or conger."[2]

Han var kjend for ein festande livsstil, og skipa mellom anna ein drikkeklubb for menn. Dramatikaren Samuel Foote skal ha gjeve Kellie råd om å ha den raud nasen sin inn i drivhuset for å mogna agurkane. Han pleidde å komponera på augneblinken, og tankelaust gje frå seg musikken utan å tenkja meir på han. Helsa hans leid, og han vitja Spa i Belgia for ein kur. På tilbakevegen blei han sjuk, "struck with a paralytic shock" . Medan han oppheldt seg nokre dagar i Brussel blei han angripen av "putrid fever", og døydde.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Minuett i A av Thomas Erskine, spelt av Jan Waterfield på taffelpiano.

Erskine komponerte overtyren til Isaac Bickerstaff sin komiske opera The Maid of the Mill, som blei framført ved Theatre Royal i Covent Garden tidleg i 1765.[3]

Fram til 1970-talet trudde ein berre at eit lite tal av verka hans hadde overvlev, men i 1989 blei det funne to manuskript med kammerverk ved Kilravock Castle. Dette dobla talet på kjende eksisterande verka av han – spesielt med ni triosonater og ni strykekvartettar. Interessa i han blei nyvekka gjennom nye framføringar og innspelingar, til dømes av John Purser.

Liste av verk:

  • Sinfonia a Quattro in G major
  • Sinfonia a Quattro in D major
  • Quartet in C minor (I. Allegro, II. Andante, III. Allegro)
  • Quartet in A Major (I. Allegro molto, II. Adagio, III. Minuet)
  • Minuet
  • The Favourite Minutes (1. Lady Betty Stanley's Minuet)
  • Overture in C major, Op. 1,No. 2 (I.???, II. Andantino, III. Presto assai)
  • Overture in B Flat 'The Maid o the Mill' - (I. Allegro, II. Adagio ma non troppo, III. Minuet (Rondo)
  • Periodical Overture No. 16
  • Periodical Overture No.17 in E-Flat Major
  • Death Is Now My Only Treasure
  • The Lover's Message
  • Lord Kelly's Reel
  • Trio Sonata No. 5 in E (I. Andante con espressione, II. Minuetto)
  • Trio Sonata No. 6 in G (I. Andantino, II. Tempo di Minuetto)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «National Records of Scotland». 31 May 2013. 
  2. Roscoe, P.C. (1951). «Thomas Alexander Erskine: A Biographical Note». The Musical Times 92 (1295): 15–16. JSTOR 935283. doi:10.2307/935283. 
  3. Purser, John (2019), The Scots who helped mould Mozart?, The National, Monday 23 December 2019, pp. 20 - 21

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]