Thomas Hudson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Hudson
Hudson.Jpg
Fødd 1701
Devon
Død

26. januar 1779
Twickenham

Yrke Kunstsamlar, kunstmålar
Thomas Hudson på Commons
Lady Oxenden, 1755-56
Thistlethwayte-familien, ca 1758

Thomas Hudson (170126. januar 1779) var ein britisk portrettmålar og kunstsamlar, kjend som portrettøren av dei øvre lag av det engelske samfunnet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hudson var frå Devon, og gjekk i byrjinga av 1720-åra i lære hos Jonathan Richardson i London. På 1730-talet vart han ein kjend målar. Han var på høgda som målar i tida mellom 1740 og 1760, i perioden 1745-55 var han den mest etterspurde portrettmålaren i London. I desse åra hadde han mange assistentar, mellom andre hadde han Joseph Van Aken i si teneste, ein målar som var spesialist i å måle draperi og andre tekstilar. Unge målarar som Joshua Reynolds, Joseph Wright og Peter Toms var mellom dei som gjekk i lære hos Hudson. Kong Georg II og toneskaparen Georg Friedrich Handel var mellom dei mange notabilitetar og «kjendisar» som vart portrettert. Minst 400 måleri og ei 80 koparstikk var Hudson meister for.

Hudson vart mykje påverka av kunstnarvenen William Hogarth, og stod elles eit nært forhold til målarane Allan Ramsay og Francis Hayman. I 1748 vitja Hudson Nederlanda og i 1752 var han i Italia. År 1753 kjøpte han seg eit hus i Twickenham, tett overfor villaen til forfattaren Alexander Pope. Han la ned målarverkstaden i slutten av 1750-åra og døydde i Twickenham i 1779. Den store private kunstsamlinga hans vart seld gjennom tre separate salsrundar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thomas Hudson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]