Thomas Nordseth-Tiller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thomas Nordseth-Tiller (27. november 198012. mai 2009)[1] var ein norsk manusforfattar frå Lørenskog kommune i Akershus, som skreiv manuset til filmen Max Manus.

Han vart utdanna i Oslo, Perth og San Francisco og oppnådde ein bachelorgrad i film. Han vann pitchekonkurransen på Kosmorama 2007 med manuset «Vi vil oss et land», og var sidan med i andre film- og reklameprosjekt. Han var medforfattar av boka Max Manus: Film og virkelighet, som gjev eit innblikk i korleis historia om motstandshelten Max Manus har vorte omgjort til film.

Nordseth-Tiller skreiv Max Manus som 25-åring som ei av eksamensoppgåvene sine ved Academy of Art i San Francisco.

Thomas stod òg for regien av den norske versjonen av SN og WFPs dataspel FoodForce.

Han døydde av kreft i mai 2009 etter eitt-to månaders sjukeleie. 21. august 2009 vart han tildelt Amandaprisen for beste filmmanus, ei tildeling som fekk ståande applaus. Familien til Thomas Nordseth-Tiller, leia av broren, og foreldra Kari og Bjørn Nordseth, mottok Amandaprisen på vegne av Thomas.[2] Aksel Hennie hylla òg Thomas i takketalen sin då han sjølv mottok Amandaprisen for beste mannlege skodespelar.[3]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Øystein David Johansen (13. mai 2009). «Max Manus»- forfattar (28) er død. Verdens Gang. Vitja 22. august 2009.
  2. «Prisdryss til Max Manus». aftenposten.no (21. august 2009). Vitja 22. august 2009.
  3. «- Det var du som skulle stått her i dag, Thomas». vg.no (21. august 2009). Vitja 22. august 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]