Thorbjørn Lie-Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorbjørn Lie-Jørgensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. november 1900
Død

7. april 1961 (60 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, grafikar

Thorbjørn Henry Lie-Jørgensen (20. november 19007. april 1961) var ein norsk målar og brukskunstnar (gullsmed).

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lie-Jørgensen var fødd i Svelvik i Vestfold, der far hans var seglmakar. Lie-Jørgensen vart utdanna ved Statens kunstakademi og Statens handverks- og kunstindustriskule. Frå 1939 var han lærer på den sistnemnde institusjonen.

Som nyutdanna gullsmed arbeidde Lie-Jørgensen for firmaet David-Andersen i Oslo i fleire tiår. Han laga altarsølv til kyrkjer både i Heddal, og kyrkjene Ris og Røa. Då Oslo kommune utlyste tevling til sølvutstyr i Oslo rådhus vann Lie-Jørgensen.

Biletkunstnaren Lie-Jørgensen måla fargesterke landskapsbilete, ofte med motiv frå Sørlandet. Måleria hans fekk mest merksemd på 1940-talet. Han laga også mange akvarellar.

Lie-Jørgensen døydde i Oslo.

Verk (måleri)[endre | endre wikiteksten]

  • Vår (1942)
  • Sjøbuer og båter (1946)
  • Fjelldalsøya (1947)
  • Havet (1950)
  • Andersenholmen (1959)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]