Statens Kunstakademi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Statens kunstakademi)
Gå til: navigering, søk

Statens Kunstakademi var ein norsk utdanningsinstitusjon i Oslo for kunstmålarar og bilethoggarar. Akademiet vart oppretta i 1909 etter vedtak i Stortinget.

Akademiet var den høgste utdanningsinstitusjonen i Noreg for biletkunst. I byrjinga var det tre professorklassar, ein for teikning, ein for måleri og ein for bilethoggarkunst. Dei første professorane var målarane Christian Krohg og Halfdan Strøm, og bilethoggaren Gunnar Utsond.

Statens kunstakademi har halde til i mange ulike bygningar i Oslo, og har opp gjennom åra vore gjennom store struktuelle endringar.

I 1971 vart kunstakademiet høgskule. Frå 1996 har kunstakademiet vore ein del av Kunsthøgskolen i Oslo, og i 2005 vart det slege saman med Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (SHKS) og gjekk inn i det nyoppretta Fakultet for Visuell Kunst. I dag gjev skulen tilbod om eit treårig bachelorprogram og eit toårig masterprogram, med fordjuping i måleri, fotografi, skulpturinstallasjonperformance, digital kunst og kunstteori.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]