Hopp til innhald

Thorolf Mowinckel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorolf Mowinckel
Fødd27. august 1884
Bergen
Død8. april 1963 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
FarJohan E. Mowinckel
BarnVibeke Falk
Alle verv

Thorolf Beyer Mowinckel (27. august 18848. april 1963) var ein norsk kjøpmann og politikar frå Bergen. Han representerte Bergen og partiet HøgreStortinget 1934-36.

Han var son til kjøpmann Johan E. Mowinckel og fekk opplæring til forretningslivet gjennom pensjonsskule i London, handelsskule i Leipzig og handelslære i Hamburg. Frå 1905 arbeidde han i faren sitt firma, i lang tid som medeigar. I 1936 tok han over jobben som administrerande direktør i AS Schee, Aas & Mowinckel-Samas i Oslo. Etter 1952 var han tilsett i næringsmiddelfabrikken Joh. Lærum & Co.

Mowinckel var medlem av Bergen bystyre 1917–1922 og stortingsrepresentant frå Bergen 1934–1936. På Tinget var han medlem i Justiskomitéen. Perioden 1932-42 var han formann i Norges Colonialgrossisters Forbund.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • A/S J.E. Mowinckel : tre generasjoner - tre epoker. 2000.