Thorvald Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorvald Nilsen

Fødd6. august 1881
FødestadKristiansand kommune
Død19. april 1940
DødsstadBuenos Aires
Thorvald Nilsen vart tildelt Sydpolsmedaljen for deltakinga i Roald Amundsen-ekspedisjonen til Sørpolen

Thorvald Nilsen (fødd 6. august 1881 i Kristiansand, død 19. april 1940 i Buenos Aires) var ein norsk marineoffiser og polfarar. Han deltok som nestkommanderande på Roald Amundsen sin sørpolekspedisjon 1910–1913, og var kaptein på ekspedisjonsfartøyet «Fram». Medan Amundsen erobra Sørpolen, leia han eit utbytterikt oseanografisk tokt i Sør-Atlanteren etter at landpartiet var sett i land i Bay of Whales (Kvalbukta).

Nilsen var som torpedobåtsjef i nøytralitetsteneste under første verdskrigen 1914–1918 og vart så utnemnd til adjutant ved 2. Sjømilitære distriktskommando i Kristiansand. 1918 gifta han seg med Frida Lem frå Selje, og to år seinare tok han dispasjøreksamen. Ekteparet flytta til Buenos Aires for godt 1920, etter at Nilsen hadde fått tilbod om ei stilling i firmaet John M. Bugge Assuranse- og Dispachørforretning som havariagent for nordiske selskap. Nilsen overtok firmaet etter Bugge døydde.

Nilsen vart i 1913 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden «for fortjeneste av Roald Amundsens ekspedisjon til Sydpolen som fører av «Fram».»[1] Han vart òg tildelt Sydpolsmedaljen. Nilsen var riddar av den franske Æreslegionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Thorvald Nilsen» i Store norske leksikon, snl.no.

  1. Den Kongelege norske Sankt Olavs orden 1847–1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 401.