Tyatira
| Thyatira | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Thyatira 38°55′15″N 27°50′30″E / 38.9208333333°N 27.8416666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Thyatira | |||

Tyatira (også Thyatira eller Thyateira) er det antikke namnet på den tyrkiske byen Akhisar. Han ligg langt vest i Tyrkia, sør for Istanbul, kring 80 km frå Middelhavet.
Byen heitte først Pelopia (gresk Πελοπία), men vart kalla Thyateira (Θυάτειρα) av kong Selevkos I Nikator i 290 fvt. Han var i krig med Lysimakhos då han fekk vite at kona hadde fødd han ei dotter. I følgje Stefanos av Byzantium kalla han byen «thuateira» frå gresk «θυγατήρ» (thugater), som tyder «dotter», men det er meir truleg at det er eit eldre lydisk namn.[1][2] I antikken låg Tyatira på grensa mellom Lydia og Mysia. Han var kjend for farging og var eit senter for indigohandel.[3] Ein har mellom anna funne inskripsjonar i ruinane av den antikke byen som syner til farging.
Lydia frå Tyatira var den fyrste personen som apostelen Paulus vende om til kristendommen.[4] I tidleg kristendom var det ei viktig kristen kyrkje i Tyatira, nemnd som ei av Dei sju openberringskyrkjene i Johannes’ openberring.[5] I følgje Openberringa skal ei kvinne kalla Jesabel ha kalla seg sjølv profeti Tyatira, «men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thyatira» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stefanos av Byzantium, De Urbibus
- ↑ Θυγάτηρ, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, at Perseus project
- ↑ Apostelgjerningane 16:14.
- ↑ «Lydia», The God Who Speaks (på engelsk), henta 27. november 2025
- ↑ Johannes’ openberring 1:11; 2:18-28.
