Hopp til innhald

Tiburonhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tiburonhalvøya i USA.
Tiburonhalvøya
halvøy
Frå Tiburon kommune på Tiburonhalvøya.
Land  Haiti
Kart
Tiburonhalvøya
18°21′00″N 73°08′00″W / 18.35°N 73.133333333333°W / 18.35; -73.133333333333
Kart som viser Tiburonhalvøya.
Kart som viser Tiburonhalvøya.
Kart som viser Tiburonhalvøya.
Tiburonhalvøya er den smale utstikkaren i sørvest på dette kartet over Hispaniola.
Tiburonhalvøya er den smale utstikkaren i sørvest på dette kartet over Hispaniola.
Tiburonhalvøya er den smale utstikkaren i sørvest på dette kartet over Hispaniola.
Wikimedia Commons: Tiburon Peninsula, Haiti

Tiburonhalvøya (fransk: Le Tiburon) er den største halvøya på øya Hispaniola i Karibia. Politisk høyrer til halvøya Haiti, og heile departementa Grand’Anse, Nippes og Sud og dei vestlege delane av departementa Ouest og Sud-Est ligg på halvøya.

Tiburonhalvøya dannar den sørvestlege delen av Hispaniola, og strekkjer seg 250 km inn i Det karibiske havet. Ho avgrensar Gonâvebukta i nord frå Det karibiske havet. Halvøya er på det breiaste 60 kilometer brei, og på det smalaste knapt 30 kilometer. Ho har eit areal på rundt 9 000 km² og omfattar dermed nærare ein tredjedel av Haiti. Det høgste punktet er Pic Macaya på 2 347 m, som ligg i Massif de la Hotte vest på halvøya. Den største byen er Les Cayes på sørkysten med om lag 60 000 innbyggjarar (2005).

Den austlege delen av halvøya vart ramma av jordskjelvet i Haiti 2010.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tiburonhalvøya