Nysibirøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nysibirøyane.
Plasseringa til Nysibirøyane.

Nysibirøyane (russisk: Новосибирские острова, Novosibirskije Ostrova) er ei øygruppe nord for Aust-Sibir mellom Laptevhavet og Aust-Sibir-havet. Dei høyrer til republikken Sakha i Russland.

Sjølve Nysibirøyane eller Anzjuøyane, dekkjer eit landområde på om lag 29 000 km² og består av

  • Kotelnyjøya (о. Котельный) 11 700 km² og Faddejevskijøya (о. Фаддеевский) 5300 km². Desse er eigentleg del av same øy og er knytt saman av ei slette som heiter Bunge Land (земля́ Бунге) 6200 km², som ligg så lågt over havet at ho stundom er oversvømd. Like nordvest for Bunge Land ligg to øyar, Zjeleznjakovøya (Ostrov Zjeleznjakova) og Matarøya. Begge desse er om lag 5 km lange.
  • Nanosnyjøya 76°16′59″N 140°24′58″E er ei lita øy nord for bukta mellom Kotelnyj og Bunge Land. Ho er forma som ein C og er 4 km lang. Ho er den nordlegaste øya i Nysibirøyane.
  • Novaja Sibir (о. Новая Сибирь) 6200 km²
  • Belkovskijøya (о. Бельковский) 500 km²

I sør og nærare kontinentet ligg Ljakovskijeøyane (6095 km²):

Den vesle øygruppa De Long-øyane (228 km²) ligg nordaust for Novaja Sibir. Desse øyane vert ikkje alltid rekna som ein del av Nysibirøyane:

Nysibirøyane er lågtliggande og det høgaste punktet er Malakatyn-Tas på Kotelnyjøya med ei høgd på 374 meter over havet.

Nysibirøyane var ein gong store åsar på Den store arktiske sletta som ein gong danna den nordlege delen av Beringia i sein kvartær mellom Sibir og Alaska under Siste glasiale maksimum. Desse øyane er det som er att av ei om lag 1,6 millionar kvadratkilometer stor slette som i dag ligg under Nordishavet, Aust-Sibir-havet og Laptevhavet. I perioden rundt siste glasiale maksimum var havnivået 100-120 meter under dagens havnivå og kystlinja låg 700-1000 km lenger nord enn i dag. Det var ikkje mykje is på sletta i denne perioden fordi ho låg i regnskuggen til isbreane som dekte Nord-Europa. Det meste av Den store arktiske sletta kom under vatn, bortsett frå Nysibirøyane og andre isolerte øyar, over relativt kort tid, om lag 7000 år, under tidleg eller midt i holocentida.[1][2][3]

I det ekstremt kalde polarklimaet under Siste Glasiale Maksimum, for 17 000-24 000 år sidan, vart det danna små passive isbrear på De Long-øyane. Delar av denne isen er bevart på Jeannette, Henrietta og Bennettøyane. Spor av tidlegare isbrear er bevart på Zjokovøya i form av fjellsider, dalbotnar og is under overflata.[1][4][3]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Som rapportert av Digby[5] og fleire rapportar seinare, består øygruppa av ei blanding av folda og forkasta sedimentære og vulkanske bergartar frå ein tidsepokar som varierer frå prekambrium til pliocen. Ljakovskijøyane består av folda og forkasta metamorfe bergartar. Frå øvre paleozoikum til triastida finn ein sandstein og skifer, frå juratida til nedre krittida finn ein turbiditt, granitt frå krittida, samt ofiolitt. Anzjuøyane består av sterkt forkasta og folda assosiasjonar av kalkstein, dolomitt, sandstein, skifter vulkanoklastiske lag og vulkanske bergartar frå ordovicium til devontida, sandstein og skifer frå paleozoikum og triastida, turbiditt frå juratida til nedre krittida, og sandstein og skifer frå øvre krittida til pliocen. De Long-øyane består av sedimentære og vulkanske bergartar frå tidleg paleozoikum, mellompaleozoikum, krittida og neogen, hovudsakleg basaltiske bergartar. Desse sedimentære, metamorfe og vulkanske bergartane er dekte av lause sediment frå kvartærtida og holocen i lag med tjukkleik frå ein meter til om lag 35 meter.[6][7]

Digby[5] skreiv òg at enkelte tidlege artiklar om Nysibirøyane feilaktig sa at dei, og ofte andre arktiske øyar som Wrangeløya, bestod av mammutbein og støttenner eller is, sand og bein frå mammutar og andre utdøydde pattedyr. Nokre av desse artiklane var skrive av personar, som pastor D. G. Whitney[8], som aldri hadde vitja øyane og berre støtte seg til handelsmenn og reisande, eller lokale segner.

Elfenbein[endre | endre wikiteksten]

Baron Eduard V. Toll[9] skreiv i sin rapport om Nysibirøyane om store mengder fossile elfenbein på øyane. Elfenbeina, samt bein frå mammutar og andre dyr er nyleg funne på strender, elveterrasar og elveleier. Heile mammutskjelett, og bein og skjelett frå nashorn, moskusokse og anna megafauna er bevart av permafrosten på desse øyane. Nokre av desse er 200 000 år gamle.[6][10][11][12]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øyane har arktisk klima og snødekke ligg på øyane i ni månader av året. Middeltemperaturen i januar er frå −28 °C til −31 °C. Temperaturen i juli er låg ved kysten på grunn av det kalde havvatnet. Maksimumstemperaturane varierer i snitt frå +8 °C til +11 °C og minimumstemperaturane frå -3 °C til +1 °C. Dei indre områda på øyane har i juli ein gjennomsnittleg temperatur på +16 °C til +19 °C og ein minimumstemperatur på +3 °C til +6 °C. Den normale årsnedbøren er opp mot 132 mm i året.

Permafrost og undergrunnsis er svært vanleg. Overflata er dekt av arktisk tundravegetasjon og mange innsjøar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Første gong Nysibirøyane vart skildra var på byrjinga av 1700-talet av kosakken Jakov Permjakov. I 1712 nådde ein kosakkisk styrke leia av M. Vagin Bolsjoj Ljakhovskij. På byrjinga av 1800-talet vart øyane utforska av Jakov Sannikov, Matvej Gedensjhtrom og andre.[13]

I 1809-1810 reiste Sannikov Gedensjhtrom til Nysibirøyane for å kartlegge dei. Sannikov rapporterte om eit nytt land nord for Kotelnyj i 1811. Dette var opphavet til myta om Zemlja Sannikova eller Sannikov Land.[13]

I 1886 vitja baron Eduard von Toll Nysibirøyane første gong og meinte at han kunne sjå land norf for Kotelnyjøya, som han meinte kunne vere det såkalla Zelmja Sannikova.[13] Toll vitja øyane igjen våren 1892 i lag med ein kosakk og tre innfødde. Han reiste over isen på hundresledar og nådde sørkysten av Bolsjoj Ljakovskij.[13] Langs sørkysten av denne øya fann von Toll godt bevarte bein, elfenbein, torv, tre og sjølv eit tre i 40 meter høge klipper i sediment frå sein kvartærtid i permafrosten, som hadde samla seg opp dei siste 200 000 åra.[10][14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Anisimov, M.A. og V.E. Tumskoy, 2002, Environmental History of the Novosibirskie Islands for the last 12 ka. 32nd International Arctic Workshop, Program og Abstracts 2002. Institute of Arctic og Alpine Research, University of Colorado at Boulder, pp 23-25.
  2. Schirrmeister, L., H.-W. Hubberten, V. Rachold og V.G. Grosse, 2005, Lost world - Late Quaternary environment of periglacial Arctic shelves og coastal lowlands in NE-Siberia. Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine. 2nd International Alfred Wegener Symposium Bremerhaven, 30. oktober - 2. november 2005.
  3. 3,0 3,1 Alekseev, M.N., 1997, Paleogeography og geochronology in the Russian eastern Arctic during the second half of the Quaternary. Quaternary International. vol. 41-42, s. 11-15.
  4. Makejev, V.M., V.V. Pitulko og A.K. Kasparov, 1992, The natural environment of the De Long Archipelago og ancient man in the Late Pleistocene og Early Holocene. Polar Geography and Geology. vol. 17, no. 1, s. 55-63.
  5. 5,0 5,1 Digby, B., 1926, The Mammoth og Mammoth-Hunting in North-East Siberia. D. Appleton and Company: New York, s. 224.
  6. 6,0 6,1 Dorofejev, V.K., M.G. Blagovesjtsjenskij, A.N. Smirnov og V.I. Usjakov, 1999, New Siberian Islands. Geological structure and metallgeny. VNIIOkeangeologia, St. Petersburg, Russland. s.130. (på russisk)
  7. Kosko, M.K. og G.V. Trufanov, 2002, Middle Cretaceous to Eopleistocene Sequences on the New Siberian Islands: an approach to interpret offshore seismic. Marine and Petroleum Geology. vol. 19, no. 7, s. 901-919.
  8. Whitley, D.G., 1910, The Ivory Islands of the Arctic Ocean Journal of the Transactions of the Victoria Institute. vol. XLII, s. 35-57
  9. von Toll, Baron E., 1895, Wissenschaftliche Resultate der Von der Kaiserlichen Akademie der Wissenschaften sur Erforschung des Janalandes und der Neusibirischen Inseln in den Jahren 1885 und 1886 Ausgesandten expedition. Abtheilung III: Die fossilen Eislager und ihre Beziehungen su den Mammuthleichen. Memoires de L'Academie imperials des Sciences de St. Petersbouro, VII Serie, Tome XLII, No. 13, Commissionnaires de I'Academie Imperiale des sciences, St. Peterabourg, Russland.
  10. 10,0 10,1 Andrejev, A.A., G. Grosse, L. Schirrmeister, S.A. Kuzmina, E. Y. Novenko, A.A. Bobrov, P.E. Tarasov, B.P. Ilyasjuk, T.V. Kuznetsova, M. Krbetsjhek, H. Meyer og V.V. Kunitskij, 2004, Late Saalian og Eemian palaeoenvironmental history of the Bolshoy Lyakhovsky Island (Laptevhavet region, Arctic Siberia) Arkivert 2008-10-03 ved Wayback Machine., 3.41 MB PDF file, Boreas. vol. 33, s. 319–348.
  11. Ivanova, A. M., V. Usjakov, G. A. Tsjerkasjov og A. N. Smirnov, 1999, Placer Minerals of the Russisk Arctic Shelf. Polarforschung. vol. 69, pp. 163-167.
  12. Makejev, V.M., D.P. Ponomareva, V.V. Pitulko, G.M. Tsjernova og D.V. Solovjeva, 2003, Vegetation og Climate of the New Siberian Islands for the past 15,000 Years. Arctic, Antarctic and Alpine Research, vol. 35, no. 1, s. 56-66.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Markham, Albert Hastings Arctic Exploration, 1895
  14. Schirrmeister, L., 2002, 230Th/U Dating of Frozen Peat, Bolshoy Lyakhovsky Island (Northern Siberia). Quaternary Research, vol. 57, s. 253–258

Koordinatar: 75°16′N 145°15′E